Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Trekløveret :)

F-kullPosted by Linn Thu, October 13, 2011 22:01:10

Alt går berre bra med trekløveret som ligger i kvalpekassa smiley. Luna har det også bra, og i skrivande stund snorkar ho ganske djupt. Tek på å vere småbarnsmor til trillingar smiley.


Luna hadde ein fin og egentlig enkel fødsel. Første kvalp vart fødd kl. 00.30. Det var tispa som var først ut. Ho hadde ei fin fødselsvekt med sine 630 gram, i dag er ho 760 gr. Kvalp nr. 2 og 3 var døde og kom etter at tispa var født. Neste kvalp var hanne 1, født kl. 01.50 og han vog 680 gram. I dag vog han 810 gram. Neste hannhund kom kl. 03.45, 620 gram, og i dag 780 gram. Siste kvalp vart fødd 05.00 og var diverre død. Alle kvalpane er fint tegna, og utan haleknekkar. Dei er berre herlege! smiley

Etter fødselen var over og eg hadde vore voken i 27 timar (!) måtte eg ein tur på jobb og Arnfinn var hundevakt for dei tre små og Luna. Eg jobba berre til lunsj, så overtok eg passet slik at Arnfinn også fikk nokre timar på jobb.

Luna ligg no på eige rom slik at ho og kvalpane får mest muleg ro i dei første vekene. Heldigvis har eg ei god seng ved sidan av kvalpekassa, så eg søv godt når eg søv smiley.

I mangel av eit godt kamera, blir det lite bilder. Har berre eit dårleg kompaktkamera, og er ikkje fornøgd med bilda, derfor vert det diverre ikkje mange bilder av kvalpane. Men skal høre om eg får låne min fars kamera som er langt bedre enn mitt, så det er muleg det plutseleg kjem ein heil del bilder! smiley

Linn smiley

  • Comments(0)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.