Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Luna fikk tre kvalpar

F-kullPosted by Arnfinn Tue, October 11, 2011 09:40:15

I natt kom ei tispe og to hannar. Desverre vart det tre som ikkje var levande også, men no gledar vi oss over dei tre som er sterke og friske og veldig livligesmiley.

Luna ser ut til å være ei god mor sjølv om ho naturlig nok er litt trøytt etter natta.

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post100

A !

D-kullPosted by Arnfinn Thu, June 11, 2009 14:38:28
 

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post72

Fødselen er i gang :)

E-kullPosted by Arnfinn Wed, April 15, 2009 14:17:21
Då er fødselen i gang og Bella har hittil fått tre tisper. Linn og Sølvi tek i mot dei slik tradisjonen er. Bella er ei flink mor og tek det heile fint. 
Bella ville ikkje ha kveldsmat i går kveld, og pesa litt i natt og var uroleg. på formiddagen i dag begynte kvalpane å kome, og hittil har altså tre tisper vorte fødde. Røntgenundersøking forrige veke viste fire kvalpar, så no venter Linn og Jordmor Sølvi på den siste kvalpen.
Alt er vel med mor og barn so longt.

Denne posten blir oppdatert utover dagen :)

Den fjerde kvalpen, ei tispe, er fødd.

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post63

Bella har boller i ovnen!

E-kullPosted by Arnfinn Wed, March 11, 2009 10:43:04

Ei flott bursdagsgåve til Linn: Ultralydundersøkinga viser fleire kvalpar i magen til Bella!
Vi inbiller no oss at ho har vokse litt også, men det er nok litt tidlig å sei. Me gledar oss til et nytt melkebartkull.smiley

Bella er para med Nøklebyåsens Ulrich og kvalpar er venta rundt 18. april.

Ultrasound examination revealed several puppies in bellas woumb today! We look forward to another Melkebart litter sometime around april 18.smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post58

Akila

KvardagenPosted by Arnfinn Wed, March 11, 2009 10:27:50

Akila har den siste tida utvikla ein svulst ved haseleddet på eine bakfoten. I byrjinga var den liten og såg ut til å sitte på sena iflg. dyrlegen. Akila var ikkje plaga av den til og begynne med, men svulsten vokste. Dei siste vekene har ho stadig blitt verre og har halta, og dei siste dagane har ho ikkje kunne stå på foten. I dag hos dyrlegen sovna Akila stille inn 8 år gammal på bursdagen til Linn..

Akila har alltid vore ein enkel og ukomplisert hund, og kjekk å trene med. Ho var ei god mor for sine eigne og tilogmed for andre sine kvalpar. Akila var mor til 8, våre A, B og C-kull, og fostermor til 3 andre kvalpar som hadde mist mor si.
Akila var ein super familiehund som hadde vit til å gå vekk når ungane vart for viltre, men var alltid klar for ein sofakos eller ein strekk på golvet.


Takk for alle fine stunder i lag med deg.

Det blir veldig rart heime utan Akila..

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post57

Helgakos

TurarPosted by Arnfinn Mon, February 09, 2009 14:10:13

Randi og eg er heime aleine no når Anna og Linn er på tur. Laurdag var vi på isen på Hovdevatnet og der var det så fint at eg måtte legge ut bilder her.


-Arnfinn

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post56

Frekt!

KvardagenPosted by Arnfinn Mon, September 15, 2008 13:46:29
Blog Image
Frekkheita kjenner tydeligvis ingen grenser.. Akila låg i dag på Finn.no, bildet vart brukt i ei annonse der ein kvalp skulle selgast.
Link til sida vår der bildet er brukt.

Vi har opplevd at våre hundar har vore lagt ut til salgs på nett også tidlegare, men ikkje på Finn.no der mange vil kjenne igjen vårt bilde. Tidlegare har vi blitt tvinga til å endre layout på heimesida vår etter at useriøse oppdrettarar stjal bakgrunn og layout frå vår side..

Vi burde vel bli smigra av at våre bilder blir sett pris på, men skulle ønske at alle hadde oppdragelse nok til å spørre om å bruke dei først, slik enkelte heldigvis har.

På grunn av slikt og lignande misbruk av bilder og materiale, seier vi kategorisk nei til all bruk av våre bilder.

Annonsøren har no endra bildet, og ringt til meg og beklaga forholdet.

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post43

Ammetåke?

D-kullPosted by Arnfinn Thu, March 13, 2008 12:36:58

Neida, Bella takler jobben sin bra, og kvalpane veks og trivst. Akkurat no ligg ho og snorkar i kvalpekassa i stua, medan kvalpane søv i ein haug ved matfatet sitt, magen til Bella. Kvalpane har eit enkelt liv, berre eting og soving, og dei får godt stell av Bella.Blog Image

Ute er det sol og fint i dag så Bella har vore ute og rusla litt i hagen og hilst på dei andre hundane våre. Akila er temmelig frustrert for tida og er nok temmelig kvalpesjuk. Ho har prata til oss i over ei veke no og syt og klagar over at ho ikkje får sleppe til i kvalpekassa. Hadde ho fått lov, ville ho nok ha tatt over heile kullet..
Heldigvis har vi plass nok så Bella ikkje blir plaga av Akila.

Bella and the puppies is doing just fine. The puppies are eating ok and is gaining weight. It is a simple life, just eating and sleeping and being cared for in every way.
Outside it is a very nice day so Bella has been for a walk in our yard with our other dogs. Akila is a bit frustrated and wants to take over the puppies. We are fortunate to have enough space so that she doesn't get to bother Bella and the puppies.

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post12

Bursdag!

TurarPosted by Arnfinn Tue, March 11, 2008 19:53:09
I dag 11. mars fyller Linn år, og feirer dagen blant anna med styremøte i hundeklubben, slik at eg kan snike meg til å legge inn denne helsingasmiley Linn feira dagen med vener 1.Mars i god tid før fødselen, og hadde stor fest med mange gjester. 2. Mars var Linn på konsert med Kaizers, og i går fekk Bella kvalpar, så linn er nok fornøgd med markeringa så langt.

Linn er ei fantastisk og ressursterk dame som av ein eller anna uforklarlig grunn står ut med å ha meg boande i same hus som seg.

Blog ImageSjå kor flott ho er!

Kjære Elsklinn, gratulere med dagen,smiley

Helsing Arnfinn

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post11

Spesiell søndagstur

TurarPosted by Arnfinn Mon, February 18, 2008 00:03:48

I dag tok Randi, Arnfinn og Akila ein litt spesiell søndagstur. Me sykla ned i Verdas djupaste undersjøiske vegtunnel, Eiksundsambandet, mellom Ørstahalvøya og snart landfaste Hareidlandet. I dag var det open dag i vegsambandet som skal opne for biltrafikk neste helg.
Vi sykla ned til botnen frå Ørstasida, og gjekk oppatt same veg tilbake. Vegen vi gjekk har fylkets lengste rettstrekning på 3.5km i 7% stigning og botnpunktet nede på 287m under havet. Litt småkjedelig å rusle oppover i 3.5km med nokså monoton utsikt, men vi gjekk saman med gode vener og traff mykje kjentfolk blant dei tusenvis av folka som hadde teke turen.
Blog Image

Blog Image
Her er Randi og Akila nede på botnen.
Takk til Bent og Kristian for bilder!

link til saka på nrk.no

Today Randi, Arnfinn and Akila was on a very special sunday walk down a new road tunnel wich connects a nearby group of islands to the mainland. It was open for pedestrians today, and will open for regular car traffic next Saturday. On the picture you see Randi and Akila 287m below sea level in the worlds deepest road tunnel.

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post4

Kvardagen

D-kullPosted by Arnfinn Thu, February 07, 2008 11:01:15
No for tida får Bella mest mulig ro og kos, og vi planlegg ein del praktiske gjeremål som må vere på plass før ein tek imot eit kvalpekull. Kvar er kvalpekassa? Kvar skal vi ha kvalpekassa? Vi har opa løysing mellom stove og kjøken, så det ser ut til at kvalpane blir buande på stova første vekene, og deretter på kjøkenet når dei blir større og treng meir plass. Då må vi nok klare oss uten kjøkenbord nokre dagar.. Dei finn heldigvis ikkje på slike ting første vekene:Blog Image
Men, vi gleder oss! :)

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post2