Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Sommarferie, paringstur og kvardagen

KvardagenPosted by Linn Fri, August 26, 2011 21:30:56

Då er jammen sommeren snart over og skule og jobb er ein del av kvardagen igjen. Det er godt med ferie, men også godt når kvardagen starter på igjen.

Vi var ikkje på lange ferieturen i år. Vi starta med utstilling på Moelv, og fortsatte deretter til Siri (min søster) som bur ved Gardermoen. Der var vi ei lita veke til vi reiste heim igjen. Vi var på Tusenfryd og ein tur inn til Oslo for å sjå blomsterhavet ved Domkirka og øydeleggelsane av bomba i regjeringskvartalet. Første feriedag fekk eg melding frå Monica og Øyvind om at Luna hadde fått løpetid, så då bar det på paringstur til Rakkestad etter å ha jobba 2 dagersmiley. Det var kjærleig ved første blikk mellom Luna og Vebjørn, så no håpar eg på små bernerkvalpar rundt 14. oktobersmiley
Vi var altså mykje heime i ferien, og det var eigentleg veldig deiligsmiley. Ikkje noko stress, og god tid til turar og forefallande arbeid rundt hus og heim. Vi fekk oss også kaniner i ferien, så ungane har hatt å gjere på smiley.


Hermine og Madam Hopp.

Josefine som er løvehodekanina vår, har fått 2 nye venninder. Det er Hermine og Madam Hopp som er blanding av hermelin og dvergvedder. Josefine er no 3,5 mnd gammal og Hermine og Madam Hopp er 2 månader. Dei 3 går fint saman og har selskap i kvarandre. Kjekt å sjå når dei spring rundt i kaningjerdet og berre kosar seg med å ha god tumleplasssmiley.

Josefine

Vi har i sommar laga ny plass til kaninene der dei får gå fritt ut og inn av bura som dei vil. Eg er veldig fornøgd med det! Vi brukte nokre gamle hundegardselement som vi hadde ståande, passar fint til kaniner også det!

Då vi var i Oslo var vi også i Vigelandsparken. Anna hadde eit ønske om å sjå Sinnataggen.

Det var sterkt å sjå blomsterhavet ved Domkirka, og oppleve stemninga der. Vi var der 10 dagar etter den tragiske hendinga. Anna og Randi la på kvar si rose. Uansett kvar vi gjekk rundt i Oslo var det roser. Roser i tre, i fontener, på bygninger, og alle plasser der det gjekk ann å henge frå seg roser.

Forrige søndag var vi på ridetur til Vallasætra, saman med den lokale islandshestforeninga Vestri. Ein utruleg kjekk tur saman med kjekke folk og hestar!

Vel framme på setra satt vi opp gjerde slik at hestane fekk beite og kvile seg, medan vi på to bein kosa oss med grilling og godt hesteprat!

Lilja og Kolfinnur. Lilja er Randi "sin" hest medan eg i dag lånte Kolfinnur. To veldig kjekke hestar vi har blitt veldig glad i smiley. Dette er to av hestane som står i stallen "vår".

Då eg var på paringstur møtte eg igjen Melkebarts Eventyr - Akira som har flytta til Bajas (Melkebarts Arkas) i Sarpsborg. Utrulig kjekt å møte godjenta igjen, og så klart Bajas!

Bajas og Akira smiley

Får avslutte denne bloggen med eit bilde av to fornøgde turgåararsmiley. Det er flotte turar å gå i nærområdet vårt, så det vert nytta ofte! Enten på to bein, eller på hesteryggensmiley.

Dette vart ei kort oppsummering av sommaren. Håpar at eg etter ultralyd 7. september kan blogge mykje om drekigeheit og kvalpar!

-Linn smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post98