Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Frå sol og varme til 8 grader og regn...

KvardagenPosted by Linn Thu, May 26, 2011 22:40:12
Sol, varme, bading, soling, is, lesing, god mat og kos... i starten av mai reiste vi til La Manga i Spania til sol og varme. Der budde vi i ei fin leilegheit saman med mine foreldre. Eg har aldri vore i syden før, så dette var spennande både med tanke på varmen og det å vere borte frå hundane. Mira var hos Luna på Vartdal medan Linnsi og Zuki inntok heimen til Gudrun og Jan Rune og gjengen der. Det gjekk heilt flott med alle sammen, inkl. meg.. smiley
I Spania gjekk dagane til avslapping på stranda, bading, mat og berre kos. Vi hadde det kjempeflott den veka vi var der!
Anna hadde eitt ønske før vi reiste, og det var å få sydenfletter, og sydenfletter vart det!

25 minutt tok det å flette håret smiley

Eg vart heilt fasinert av å sjå kor raskt og enkelt flettedama fletta, og det ofte også utan å sjå på... den som kunne ha kunna ein slik kunst...

To fornøgde jenter med nyfletta hårsmiley.

Her er huset vi budde i. Det låg heilt ved sjøen og stranda.

Basseng var der også, men vi foretrakk stranda og sjøen.


Anna storkosa seg på stranda!

Ute og spiser...

Nydelig solnedgang..

Etter å ha vore på tur i ei veke var det godt å komme heim og til hundane igjen, men å komme til 8 grader og regn var ikkje noko særleg, men,men.. Vi hadde ei heil veke med sol og sommar, så skal kanskje ikkje klagesmiley.

Tilbake til kvardagen, tur med hest og hund, og regn.. Her ser vi Luna og Zuki. Luna var med oss iom at ho skulle stillast søndag i Ålesund, så det bar rett heim og i dusjen, for så å bli føna og stussa litt påsmiley. I Ålesund dagen etter gjekk det Luna sin veg og ho fekk cert, vart Bir og vart plassert i gruppa som nr. 4smiley. Veldig kjekt.

I dag var Randi og eg på tur med Linnsi og Zuki og på veg heim gjekk vi innom mine foreldre. Pappa tok nokre bilder av Linnsi som no er 16 veker gammal.

Så flink å stå smiley

Men sitte kan ho også smiley

Vi har meldt på forskjellige utstillinger framover, og gleder oss veldig til Frya i Pinsa. Helga etter skal vi til Oppdal, og i juli skal vi til Vestnes. Skal vi ta Moelv også tru?


Linnsi, Randi og mamma/besta.


Akira har vore på ferie hos Gudrun og Jan Rune, og Mona som også var der bada og stussa Akira! Skikkelig flott vart ho!

I natt skal Randi og klassa overnatte på skulen, det blir spennande tenker eg. Er vel ei trøtt jente som kjem heim i morga!

-Linn smiley


  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post97