Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Linnsi, Bergenstur og Bernertreff !

KvardagenPosted by Linn Sun, April 17, 2011 22:11:52

Heisann!
Sida sist har Nellyvill's It's You And Me også kalt Linnsi flytta inn til oss. Ho er ei herlig jente som Randi og eg henta heim for litt over 2 veker sida! Linnsi er ein utrulig herlig kvalp som vi alle gleder oss over å ha i hussmiley. Både Mira og Zuki har som forventa tatt godt i mot ho.



Linnsi ca 9,5 veker gamal.. Flinke Mona som klarte å få ho til å stå stille lenge nok til at eg fekk knipsa bilde av Linnsi! smiley

Forrige helg var Hildegunn med sine to Lagottoar, Ingrid med tollerane sine og eg med Zuki og Luna i Bergen på NKK-utstillinga. Alle 6 hundane fekk excellent, men Hildegunn kom heim med ein ny champion!smiley Herlige Glittra tok det siste certet, vart beste tispe og BIR!
Luna vart plassert som nr. 2 i unghundklassa og Zuki stod igjen som nr. 6 i ei stor åpen klasse.
Tusen takk Ingrid og Hildegunn for ein kjempeartig tur! Gleder meg allerede til neste! smiley Og så var det så koselig at Pia ville komme å møte meg, vi storkosa oss heile dagen med skravling og kake! Tusen takk for kaka Pia, den var nyyydeligsmiley!

I dag har Sunnmørsbernern hatt treff i Nordfjord, og det er kjekt å sjå at folk og hunder kjem sjølv om himmelen opnar seg og regnet høljer ned! Nye ansikt var det i dag også og det gleder megsmiley. Synes det er veldig trivelig at nye kjem på treffa våre, håper vi ser dokke igjen! Eli og Monika viste veg i ein flott skog i dag og til ein super rasteplass! Trur både store og små koste seg trass det våte været!


Til saman telde vi 10 bernera, ein border collie og ein puddel, og 14 på to bein. (om eg har telt rett...)

Dette var første treffet for Linnsi, og ho tok det heile med ein logrande hale! Ho er glad i alt og alle smiley.

Det var det eg hadde for denne gong! Ha ei retteleg fin påske alle der ute!

-Linnsmiley



  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post96