Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Hest, hund og ski!

KvardagenPosted by Linn Sun, February 20, 2011 18:17:17

Åjsann.. no er det jammen lenge sidan eg blogga sist... Egentlig kkje store hendingane som har skjedd sidan oktober... Dagane går eigentleg i eitt med jobb, hus og heim, hund, hundetrening og hest.

For to helger sidan var eg og Zuki på konkurranselydigheitskurs med Liv McDowell. Veldig lærerikt og kjekt. Eg hadde mest fokus på fri ved foten, og det å få bort venstrehånda mi som beklageligvis har "festa" seg i passelig høgde ved midja... Siste kursdagen gjekk "fri ved fot" øvelsen svært bra og eg fekk avslutte kurset veldig positivt, og det gir motivasjon til vidare trening smiley.

Randi har vorte ei skikkelig hestejente, og vi har no ein islandshest som vi disponerer mot at vi tar stallen og også forer dei 10 hestane som står der ein gong i veka og kvar 4. helg. Dette er ei flott ordning som både eg og jentene stortrivst med. Hesten til Randi heiter Lilja og dei er eit flott par! Forrige helg var Randi på helgakurs for å lære meir om gangartane som Lilja har, og då spesielt tølt og trav. Randi hadde ei kjekk og lærerik helg, og gleder seg til vidare kurs! Elles så er vi mykje på tur med både hest og hund saman, og det går veldig bra smiley.

Randi og Lilja på ridekurs!

Det var veldig kjekt å sjå på, spesielt når ho fekk til gangartane!

Det har vore nydeleg vær i det siste, Sol, blå himmel og minusgrader. Etter ridekurset laurdag tok vi oss ein skitur saman med Gro Anita og Anette, Elise var også med. Kjempekoselig tur og Zuki storkosar seg på skitur. Kjempekjekt og fort kan det gå!

Rast med kakao og tursjokolade høyrer med. Det er godt å kjenne at sola varmarsmiley. Kjekt for ungane å ha med seg venniner på tur. Det vert både kjekkare og lettare å gå når ein har med venner.

Zuki er klar til tilbaketuren smiley.

I dag har vi vore i Bondalen hos Jan Rune og Gudrun på igjen eit vellykka bernertreff.
Det er kjekt at så mange møter på treffa våre, og på dei to siste treffa har vi fått to nye bekjentskap! Compis frå Bernerutsikten og Caruso frå Caspario! Kjekt når det kjem nye hunder og nye mennesker som ein kan bli kjent med! I dag var vi 10 hunder og 18 på to bein (om eg hugsar rett...).

Startar med fellesbilde:

Frå venstre ser vi Bella, Nea, Compis, Aslak, Albin, Odin, Zuki, Luna og Caruso.

Sånn kan også eit fellesbilde sjå ut! smiley

Her er det Lisa som griller pølser.

Og litt meir mat... Uten mat og drikke....

Det var ein fin tur og rast vi fekk denne dagen. At det er så fint vær har faktisk litt å seie.. Veldig trivelig tur!

Luna (Tiviniros Poochyena) poserer.. Søta smiley

Her er også to sjarmører, Albin og Aslak.

Tusen takk for turen alle saman!

- Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post93