Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Kong Vinter

KvardagenPosted by Linn Wed, October 20, 2010 12:04:00

Som overskrifta fortel kom Kong Vinter på besøk i natt. Ungane våkna til kvite marker og vart så glad for det kvite teppet ute... Kan ikkje seie eg deler gleda med dei, men,men.. Etter å ha fått ungane til skulen tok eg og Zuki turen ut. Vi gjekk vår vanlege runde til Røyshytta. Det virker som Zuki synes det er like stas med snø som ungane.smiley

Det er lenge sida sist eg blogga og litt har skjedd sidan sist. 

Fredag 24. september var vi på siste turen med campingvogna for i år. Vi skulle på bernertreff i Herøy søndagen, så vi reiste til Flø den helga. Vi var heldige med veiret, det var sol og blå himmel heile helga! Nydelig der ute med havet, så ope og fint landskap. Laurdagen var vi på fuglefjellet Runde og gjekk tur, kjempeflott var det. Vi kjem nok til å reise til Flø fleire gongar! 

Her er vi på Runde. Flott fjell å gå tur i smiley

På campingplassen var det ei nydelig sandstrand som både unger og hunder koste seg på. 

Nydeleg solnedgang på Flø!

Frukost i det fri. Søndag vakna vi til heilt vindstille og knallblå himmel. Ungane likte ikkje at vi måtte pakke seinare for å reise på bernertreff og heim for ny arbeids - og skuleveke. 

Bernertreffet skulle vere berre 30 min frå campingplassen, så neste stopp var Myrvåg i Herøy. Her venta Lisa og Ann-kristin for å guide oss vidare på tur. Det vart eit svært vellykka treff og Lisa diska opp med forskjellige grillspidd og potetsalat! For ei dame!smiley

Fellesbilde av hundane som møtte på bernertreff, frå venstre: Bella (Lisa si), Odin, Aslak, Albin, Akira, Nea, Mira og Zuki. Bak hovudet til Nea ser vi noke lite svart... det er Tyson.. hehe..

Vi kunne parkere campingvogna på grillplassen, noko som var supert slik vi kunne bruke stolar og bord frå vogna.

Denne helga var heilt fantastisk for kropp og sjel, slikt lever ein lenge påsmiley.

Helga etter dro vi på familietur med Ørsta Røde Kors på Standalshytta. Det var familietur med heilgrilling av lam! 
Laurdagen tok eg og Børulf med oss 5 ungar på ein liten fjelltur. Vi kosa oss med suppe, brød, saft og kjeks. 

Her er Lea, Zuki og Anna under dei mektige Sunnmørsalpane.

To gode venner på tursmiley Lea og Anna. 

Zuki på tur.

Søndag som var hadde Sunnmørsberner'n treff saman med avdeling Sogn og Fjordane. Det var veldig kjekt å møte igjen Darwin (bror til Zuki).

Ein del kjende og ukjende på treffet smiley.

Det var det eg hadde for denne gong..

- Linn smiley


  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post92