Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Lydigheitskonkurranse og fjelltur

KvardagenPosted by Linn Sun, September 05, 2010 22:56:18

Denne helga helga har det vore LP - AG stemne og kvalpeshow i Ørsta, arrangert av Ørsta og Volda hundeklubb. Eg har vore med å arrangere dette stemnet og for å rekke å gå lydigheit og jobbe som ringsekretær i kvalperingen satt eg oppmøtetid for lp-ringen ein halv time før kvalpebedømminga starta, og satsa på at eg fekk ordne det slik at eg fekk gå lydigheit før kvalperingen starta!
Eg starta dagen kl 0615 for å rigge opp stemnet og få alt i orden. Ringen min, altså kvalperingen, måtte vere heilt ferdig til kl 0900, for eg og Zuki skulle gå Lp kl 0930.

Phu, vi rakk alt vi skulle før tannvisning og fellesdekken starta, og vi var i gangsmiley. På tannvisning fekk vi 10 poeng. På fellesdekken stakk nabohunden, men gode Zuki vart liggande og vi fekk 10 poeng der ogsåsmiley. Deretter var det lineføring og vi klarte å karre til oss 8,5 poeng der, fornøgd med densmiley. I fri ved fot sliter eg litt med at ho detter litt ut, og det skjedde her også, så som forventa vart det berre 7,5 poeng.. Vi fortsetter med dekk frå holdt, der var vi gode nok til 9 poeng, og i innkalling får vi 9,5!smiley Stå under marsj er for oss ein vanskelig øvelse, Zuki vil gjerne følge med og eg måtte legge inn ein dobbelkomando, så det vart 6,5 poeng.. Fritt hopp over hinder 8,5 poeng, og med heilheitsinntrykk på 9 fekk vi den nette sum 169,5 poengsmiley.
Eg vart temmelig overraska då eg plutselig hørte dei ropte etter meg på premieutdelinga, eg hadde vunne klasse 1! Fornøgd slapp eg det eg hadde i hendene og sprang og tok imot gratulasjoner og premier, for så å vende tilbake til "jobb".

Eg og Zuki klar til start!

Fri ved foten, sakte marsj ser det ut som...

Hehe, her held Zuki på å avslutte innkallinga, ho kjem i stor fart og skrenser inn på plass, og eg er fornøgd med poengutdelingasmiley

Anna og Randi var også med på Barn og Hund. Randi med Mira og Anna med lånt hund, Tolleren Ronja. Kjempeflinke var dei begge to!

Stemnet gjekk så utruleg bra, og eg er så glad for at alle vi spurde om hjelp kunne stille! Uten dokke kunne vi ikkje gjennomført dette årligs stemnet vårt!

I dag har vi vore på ein flott fjelltur. Målet var Kjerringtinden som ligg 1130 meter over havet. Då vi nådde nesten 800 meter vart det litt for tøft for Anna, det var bratt og mykje klatring for små bein, så Anna, eg og Zuki snudde og gjekk ned igjen, medan Arnfinn og Randi fortsette saman med resten av turfølget vårt. Men vi hadde ein flott tur med nydelig utsikt sjølv om vi ikkje nådde toppen i dag.

Randi og Anna på veg opp til Kjerringa.

Videolink frå toppen 

Zuki og Anna på veg ned igjen, Mosetra i bakgrunnen.

Forrige søndag var vi og reid Mini. Mini kjøpte eg som 3 årig hingst, men vart vallak samme dag som han kom til meg. Eg hadde Mini til 2001 etter å ha hatt han i 7 år. Godare og meir spesiell hest skal ein leite lenge etter. No er han 19 år gammal, men like god og sprek som eg kan huske han var då han var min.

Her er det Randi som tar seg ein tur på ridebana med han. Utrulig kjekt å låne han.

Linn smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post91