Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Litt om sommaren 2010...

KvardagenPosted by Linn Sun, August 08, 2010 23:11:45

Vi er komen ut i august og sommarferien er snart over. Denne sommaren har vore innhaldsrik då vi er så heldige å få låne islandshesten Frodi, vi har vore på ferietur og Randi deltek på symjeleir og har vorte kjend med mange jamnaldringar frå Bergensområdet.

Vi starta ferieturen med å reise rett til Ørebro og Gustavsvik Camping der Hege, Hilmar, Marius og Marthe venta på osssmiley. I Sverige møtte vi endeleg sommaren som har vore totalt fråverande her på sunnmøre... Eg møtte vel sommaren litt for voldsomt og vart svært så solbrentsmiley, sånn går det når kroppen ikkje har sett sol på aldri så lenge...
Randi, Elise og Magne, som vi også var på Gustavsvik saman med, deltok på Sirkusskulen som holdt til på campingplassen.
Sirkusskulen var mandag til fredag frå 10.00-12.00 og fredagskvelden var dei med i sirkusforestillinga og hadde oppvisningsmiley. Kan tenke meg det var fleire foreldre enn berre meg som satt der med tårer i augene og klump i halsen! Så mykje ungane hadde lært berre på få timar og det å tørre å stå i manesjen med lyskaster på seg og vise fram kva dei hadde lært! Superstoltsmiley

Randi og Magne viser fram litt av kunstane dei har lært seg.

Anna med klovnenasa sismiley.

Etter ei veke i Sverige gjekk turen vidare til Nordkisa der søstera mi Siri bur. Det ligg berre ein halv time frå Gjerdrum så eg fekk med meg 2 fellesturer med deler av Gjerdrumgjengen. Kjempekoselige turer, sjølv om den første turen var ganske så våt!
Eit par bilder av solskinnsturen:

Rast på "toppen". Kjempekoselig tur, vi kjem igjen og blir med på tur neste sommar smiley.

Etter kvart kom også mine foreldre ned til Siri og vi var samla heile familien, noko som er ganske skjeldan vi får til. Anna vart igjen hos tante Siri då vi reiste heim og fikk vere igjen saman med besta og besten, stas det!

Det har vorte mange turar med hest og hund denne sommaren. Randi har no fått smaken på både trav og galopp så no får mor og hundane ekstra trim! Men kjekt er det, vi storkosar oss på turane våre.

Her er Frodi med Anna på ryggen, Randi, Luna, Akira, Bella og Zuki.

Vi har hatt sommarbesøk i ei vekes tid av Akira og Luna. 2 hunder til og frå merkast vel ikkje??
Tok med meg begge til veterinæren og røntga hofter og albuer. Begge fikk A hofter, Luna A albuer men Akira fikk D på albuersmiley. Heldigvis viser ho ikkje noko symptomer og er frisk og rask.

Frå venstre Bella, Luna, Zuki og Akira.

Heile gjengen min samla, Bella (Tiviniros Izabella), Luna (Tiviniros Poochyena), Zuki (Melkebarts Draum), Akira (Melkebarts Eventyr) og Mira (Willemos Lamira).

Etter vi kom heim frå ferietur har vi faktisk hatt ganske bra vær, og vi har fått gått fine turer. Her er bilder frå turen Randi og eg gjekk til Vardehornet og Dinglavatnet. Ein skikkelig herlig tur som startar frå huset vårt. Vi har så utrulig mange flotte turmuligheiter i nærområdet vårt!

Eg og bernergjengen på toppen. (Mira får ikkje vere med på slike turer, ho er over 11 år no og dårlig til beins...)

Veldig kjekt å ha med seg Randi på fjellet, ho er som ei fjellgeit! Her er ho sammen med Akira.

Det var ei lita oppsummering av sommaren her hos oss i kennel Melkebart.

- Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post90