Sommaren 2009
KvardagenPosted by Linn Thu, August 27, 2009 23:08:29Ja, då kan ein vel seie at sommeren er på hell. Sommerferien er over og skulane har starta på igjen. Det er lenge sida eg har blogga, det vert lite tid til data'n når det er sommer og vi er mykje ute.
Det er hektiske dagar om dagen, vi skal legge nytt tak på huset så stilas skal settast opp. Asfalt skal snart kome på parkeringsplassen vår så ein del arbeid må gjerast der også.. I tillegg har Ørsta og Volda Hundeklubb kvalpeshow, lp og ag stemne neste helg og eg har mykje arbeid med påmeldingar, katalogskriving osv.. Men det er kjekt arbeid! Denne gangen skal eg prøve meg som ringsekretær i kvalperingen og det vert spennande. Berre litt kjedelig at eg ikkje kan stille Melkebarts Eventyr som bur i Ørsta hos forverter.
Her er Rune og Akira på hundetrening
.
Litt om sommaren :
I god tradisjon reiste vi til Gustavsvik Camping i Ørebro. Der venta familien Stokken og familien Moe. Vi var tilsaman 6 voksne, 6 barn og 3 hunder. Det vart felles frukost og middag i ei heil veke og vi storkosa oss. Dei to siste dagane kom også Hilmar og Marius, kjempekoselig
. Hege og Marthe var igjen heime og passa berner-kvalpa så dei kunne ikkje vere med. Gustavsvik Camping er ein campingplass som vi stortrivst på. Der er reint og fint, fine sanitærforhold og der er godt tilrettelagt for barn, voksne og ikkje minst hunder. Eigne luftegarder og hundedusj.
Det var ganske hektisk dagane før vi skulle reise på ferie og hundane trengte eit bad. Eg visste at der var hundedusj på campingen så eg bada hundane ein av dei første dagane vi var der. Føna hadde eg såklart med
.
Vi var på badeland og på leikeland, storfamilien på 12 storkosa seg
Dei 6 barna samla utanfor Lekland i Ørebro. Frå venstre Anna, Adrian, Magne, Emilie, Elise og Randi.
Veldig fine badebasseng og sklier på badelandet som ligger i/ved campingplassen. Ungane storkosa seg.

Ein morgon vi skulle spise frukost fann vi eit lite pinnsvin i forteltet til Adrian og Emilie. Det låg faktisk og sov i ein potetgullpose! Arnfinn og Anna tok det med ut i fri.
Etter 8 dagar i Sverige satte vi nasa mot Norge og til Nordkisa (ved Gardermoen)der Siri og Even bor. Der var vi i 6 døgn. Vi hadde oss ein tur til Oslo der vi var på Operataket, på Zoologisk museum og på Oslo Reptilpark.
Anna og Randi saman med Dino.
Her er dei saman med Ida.
Då vi skulle til Oslo Reptilpark tok vi trikken. Det var faktisk første gong Anna og Randi tok trikk, så spennande!
På Oslo Reptilpark var der mykje å sjå på, som denne krokodilla. Der var slangar, froskar, edderkoppar, iguana, firfirsler osv.
Denne blå frosken var litt kul!

Etter 6 dagar hos Siri og Even reiste vi heim. Vi har hatt ein veldig koselig og kjekk ferietur og gleder oss til neste år
.
Ei trøtt Zuki på bildet over og Bella under.

Etter vi kom heim frå ferie har vi vore på fine turar som til Helgehornet og til Dinglavatnet.
Zuki, Anna, Randi og Bella på Helgehornet med Ørsta i bakgrunnen. Flinke jenter på tur!
Litt rast på toppen før turen ned igjen.
Bella og Zuki på Helgehornet.
Eg har fleire gongar vore på Dinglavatnet. Dit kan eg gå i frå huset vårt og eg brukar ca ein time opp. Fjellet bak er Melshornet og det er eit fint fjell å gå på.
Her i huset har vi no to skulejenter! Så fort tida går! Anna har begynt i 1. klasse og Randi i 4. klasse. Her er dei første skuledag.
Det var det eg hadde for denne gong, og takk til dokke som sender bilder av Melkebartkvalpar, eg sett utrulig stor pris på det!
Linn 
- Comments(0)http://blog.melkebart.com/#post75

