Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Halvvegs til 8 veker

G-kullPosted by Linn Wed, January 16, 2013 21:41:55

Ja, så er G-gjengen 4 veker gamle, og det er berre 4 veker igjen til dei skal til sine nye heimar.

I dag vart valget til lille tispe2 tatt, og ho fikk reise til dei evige jaktmarker... Ho hang veldig etter dei andre både i vekt og motorikk, så i samråd med veterinær bestemte vi at ho skulle få kvile. Veldig trist, men sånn kan det av og til gå..

Guttaboys skal begge til Trondheim, og tispene skal til Ål i Hallingdal, Bergen og Tingvoll. Det er ikkje bestemt om den siste tispa skal selgast eller setjast ut på for... Om du er interessert i å vere forvert, eller veit om nokon som vil vere det så ta kontakt. Denne personen må bu på Sunnmøre eller nordfjord/Stryn..

G-gjengen vert meir og meir aktiv, men fortsatt er det mykje soving i kvalpekassa. Dei har fått testa ut fast føde, og alle som ein likte det veldig godt.

Vi har også i helga hatt besøk av kvalpekjøparar frå Trondheim. Det var veldig koselig at dei ville ta turen og helse på. Vi har også hatt ein del besøk av andre kjente hundevenner, veldig, veldig kjekt! Kom snart igjen, veldig kjekt med besøksmiley.

Litt bilder av gjengen 4 veker gamle:

Hann 1, 3630 gr.

Hann2, 3000 gr.

Tispe 1, 3780 gr.

Tispe 3, 4030 gr.

Tispe 4, 3690 gr.

Tispe 5, 3430 gr.

-Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post112