Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

G-gjengen 1 veke gamle!

G-kullPosted by Linn Wed, December 26, 2012 10:49:06
I går var G-kullet 1 veke gamle. Tispe 2 fikk ein litt hard start på livet og har trengt litt ekstra hjelp for å holde varmen og få i seg mat. Men no ser det mykje betre ut for lille tispe 2, ho veks og er aktiv og vi er mykje tryggare på at det skal gå bra.

Dei andre i kullet er store buldosarar i forhold, og veks for kvar dag. Luna er ei flink og omsorgsfull mor, men tek seg no turar ut av kvalpekassa for å kvile litt mellom slaga.

Anna gir varme til tispe 2, ein får eit spesielt forhold til slike små som ein må hjelpe litt ekstra smiley. Båda Anna og Randi er kjempeflinke til å hjelpe til i kvalpekassa og med dei andre hundane.

Her er hannhund nr. 1, han veg 1190 gr.

Hannhund nr. 2, med 1110 gr.

Tispe nr. 1, ho veg 1280 gr.

Så er det lille tispe 2, som har hatt en litt tøff start i livet, ho veg 700 gr.

Tispe nr. 3, med 1350 gr.

Tispe nr. 4, ho er 1090 gr.

Og til slutt tispe 5, som er 970 gr.

Alle kvalpane med unntak av tispe 2 har kvit haletupp. Tispe nr 5 er overtegna i ansiktet, resten av kullet er korrekt tegna.


Skal prøve å få tatt fleire bilder etter kvart!

På gjensyn!

-Linn smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post108