Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Frå Paris til Ålesund og Frya!

TurarPosted by Linn Sat, June 02, 2012 22:32:19

Ja, vi har vore i Paris! Heile familien tok seg ei veke ferie og reiste på besøk til Arnfinn sin familie. Tanta og onkelen til Arnfinn bur i Paris, og første veka i mai var vi på besøk hos dei. Vi hadde ei fantastisk flott veke med mange opplevelsar, inntrykk og god mat! Er glad vi hadde ei heil veke på oss, for i Paris er det veldig mykje å oppleve og få med seg!


Eiffeltornet fikk vi så klart med oss! Både på dag og natt! Vi tok ikkje heis opp i tårnet, var absolutt ingen problem å gå trappene opp.


Om kvelden etter det var mørkt, lyste Eiffeltårnet opp og kvar heile time så blinka det i 5 min, utrulig vakkert å sjå på!


Anna og Randi på toppen av Truimfbuen, Eiffeltårnet i bakgrunnen.


Ein tur til Euro-Disney måtte vi så klart også! Der var parade med alle Disneyfigurane.


I ei av gatene i Eurodisney.


Eine dagen var vi ute for å kjøpe kake! Eg fann ei utrulig god ei! Den smakte himmelsk!


Vil takke Ann-Marit og Tore for turen vi fikk til Paris! Vi kjem gjerne tilbake!! smiley

Ålesund!
20. mai var det utstilling i Ålesund og Arne Foss var dommar på Berner. Connie plasserte seg som nr 2 (av 4) i 6-9 mnd, med ein fin kritikk! Linnsi fikk 2 røde i junior. Ho var og er for tida uten pels... Anna og Connie vant Barn og Hund! Var ei stolt mor som stod ringside då ja!


Bilde av Connie, tatt i Ålesund etter utstillinga.

FRYA!
Torsdagen etter Ålesund var campingvogna pakka og vi var klare for FRYA! Dette er ei utstilling som vi ser fram til kvart år! Vi har siste åra reist nedover torsdag ettermiddag/kveld og det er utrulig godt å ha fredagen til berre kos og avslapping! I år hadde vi det nydelig med godt og varmt vær. Til sammen 10 vogner/bobiler samla seg på plassen vår og vi hadde det utrulig sosialt sammen, barn som voksne!

Først ut i utstillingsringen var Connie, og ho plasserte seg igjen som nr. 2 i 6-9 mnd, nok ein gong med flott kritikk! Linnsi vart plassert som nr 4 i junior, og det med ein pels som fortsatt ikkje er på plass... Veldig fornøyd med begge jentene mine smiley
Connie på Frya:


Zuki var ikkje påmeldt i år, då ho fikk vannhale rett før påmeldingsfristen, så desverre har ho ikkje vore i form til utstilling i det siste.

I dag fikk Zuki seg eit bad og slik ser ho ut i dag, 4 år gammal:


Melkebarts Draum - Zuki.

Har forresten vore i Førde også på utstilling. Connie vart BIR (einaste kvalpen...) og Linnsi 2BTK med Ck og reservecert! Vart ikkje igjen til gruppa med Connie, for eg skulle reise til Paris dagen etter...

Det var det eg hadde for denne gang!

-Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post106