Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

5 veker!

F-kullPosted by Linn Wed, November 16, 2011 20:43:05

Hjelp, berre 3 veker att til levering! Kvar vert tida av? Tenker nok tida går mykje fortare for meg, enn for dei som venter på å få hente seg kvalp! Det er ikkje bestemt kven som reiser kvar enda, men eine hannen reiser til Karmøy og den andre til Bergen. Med tispa er det ikkje bestemt enda om ho vert verande her, eller om ho vert Ålesunder..

Det er no absolutt meir liv i dei no når dei er vakne, men fortsatt er det mykje soving. Vi har utvida kvalpekassa med grinder som dei er i når vi ikkje er heime. Elles går dei mykje rundt på stova og kjøkkenet slik dei vil, sammen med dei vaksne hundane smiley.



Dei har også vore litt ute siste dagane, noko som er veldig spennande. Det er mykje som skal utforskast smiley.

-Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post104