Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Mens vi venter på F-kullet...

F-kullPosted by Linn Wed, October 05, 2011 21:55:25

No er det ca ei veke igjen til fødsel! smiley Tida går fort, og til helga skal vi sette opp kvalpekassa og lage klart til fødsel. Luna har vokse ca 20 cm frå veke 4 til veke 8, så blir spennande å sjå kor mange kvalpar ho bærer på smiley. Når eg koser med magen kjenner eg kvalpane bevege seg!

Luna og Randi har kosestundsmiley Luna er veldig kosen og elsker all kosen ho får.

Ikkje så lett å få fram magen på bilde, men her ser vi tydelig at det "buler" smiley

Det er over 2 år sidan vi hadde forrige kull i heimen, så vi gleder oss veldig til kull igjen!

Søndag var vi på bernertreff i Volda, og det er så gledelig at så mange møter oppsmiley. Vi var 10 på 4 bein og 20 på 2! Vi gjekk ein fin tur og rasta.

Frå venstre, Arild med Compis, Eli med Bacco, Liv Torill, Gudrun med Odin og Albin, Meg og Randi med Zuki og Linnsi, Anna med Nellie, Hege med Bamse, Monica med Luna og Ann Kristin med Nea.

- Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post99

Sommarferie, paringstur og kvardagen

KvardagenPosted by Linn Fri, August 26, 2011 21:30:56

Då er jammen sommeren snart over og skule og jobb er ein del av kvardagen igjen. Det er godt med ferie, men også godt når kvardagen starter på igjen.

Vi var ikkje på lange ferieturen i år. Vi starta med utstilling på Moelv, og fortsatte deretter til Siri (min søster) som bur ved Gardermoen. Der var vi ei lita veke til vi reiste heim igjen. Vi var på Tusenfryd og ein tur inn til Oslo for å sjå blomsterhavet ved Domkirka og øydeleggelsane av bomba i regjeringskvartalet. Første feriedag fekk eg melding frå Monica og Øyvind om at Luna hadde fått løpetid, så då bar det på paringstur til Rakkestad etter å ha jobba 2 dagersmiley. Det var kjærleig ved første blikk mellom Luna og Vebjørn, så no håpar eg på små bernerkvalpar rundt 14. oktobersmiley
Vi var altså mykje heime i ferien, og det var eigentleg veldig deiligsmiley. Ikkje noko stress, og god tid til turar og forefallande arbeid rundt hus og heim. Vi fekk oss også kaniner i ferien, så ungane har hatt å gjere på smiley.


Hermine og Madam Hopp.

Josefine som er løvehodekanina vår, har fått 2 nye venninder. Det er Hermine og Madam Hopp som er blanding av hermelin og dvergvedder. Josefine er no 3,5 mnd gammal og Hermine og Madam Hopp er 2 månader. Dei 3 går fint saman og har selskap i kvarandre. Kjekt å sjå når dei spring rundt i kaningjerdet og berre kosar seg med å ha god tumleplasssmiley.

Josefine

Vi har i sommar laga ny plass til kaninene der dei får gå fritt ut og inn av bura som dei vil. Eg er veldig fornøgd med det! Vi brukte nokre gamle hundegardselement som vi hadde ståande, passar fint til kaniner også det!

Då vi var i Oslo var vi også i Vigelandsparken. Anna hadde eit ønske om å sjå Sinnataggen.

Det var sterkt å sjå blomsterhavet ved Domkirka, og oppleve stemninga der. Vi var der 10 dagar etter den tragiske hendinga. Anna og Randi la på kvar si rose. Uansett kvar vi gjekk rundt i Oslo var det roser. Roser i tre, i fontener, på bygninger, og alle plasser der det gjekk ann å henge frå seg roser.

Forrige søndag var vi på ridetur til Vallasætra, saman med den lokale islandshestforeninga Vestri. Ein utruleg kjekk tur saman med kjekke folk og hestar!

Vel framme på setra satt vi opp gjerde slik at hestane fekk beite og kvile seg, medan vi på to bein kosa oss med grilling og godt hesteprat!

Lilja og Kolfinnur. Lilja er Randi "sin" hest medan eg i dag lånte Kolfinnur. To veldig kjekke hestar vi har blitt veldig glad i smiley. Dette er to av hestane som står i stallen "vår".

Då eg var på paringstur møtte eg igjen Melkebarts Eventyr - Akira som har flytta til Bajas (Melkebarts Arkas) i Sarpsborg. Utrulig kjekt å møte godjenta igjen, og så klart Bajas!

Bajas og Akira smiley

Får avslutte denne bloggen med eit bilde av to fornøgde turgåararsmiley. Det er flotte turar å gå i nærområdet vårt, så det vert nytta ofte! Enten på to bein, eller på hesteryggensmiley.

Dette vart ei kort oppsummering av sommaren. Håpar at eg etter ultralyd 7. september kan blogge mykje om drekigeheit og kvalpar!

-Linn smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post98

Frå sol og varme til 8 grader og regn...

KvardagenPosted by Linn Thu, May 26, 2011 22:40:12
Sol, varme, bading, soling, is, lesing, god mat og kos... i starten av mai reiste vi til La Manga i Spania til sol og varme. Der budde vi i ei fin leilegheit saman med mine foreldre. Eg har aldri vore i syden før, så dette var spennande både med tanke på varmen og det å vere borte frå hundane. Mira var hos Luna på Vartdal medan Linnsi og Zuki inntok heimen til Gudrun og Jan Rune og gjengen der. Det gjekk heilt flott med alle sammen, inkl. meg.. smiley
I Spania gjekk dagane til avslapping på stranda, bading, mat og berre kos. Vi hadde det kjempeflott den veka vi var der!
Anna hadde eitt ønske før vi reiste, og det var å få sydenfletter, og sydenfletter vart det!

25 minutt tok det å flette håret smiley

Eg vart heilt fasinert av å sjå kor raskt og enkelt flettedama fletta, og det ofte også utan å sjå på... den som kunne ha kunna ein slik kunst...

To fornøgde jenter med nyfletta hårsmiley.

Her er huset vi budde i. Det låg heilt ved sjøen og stranda.

Basseng var der også, men vi foretrakk stranda og sjøen.


Anna storkosa seg på stranda!

Ute og spiser...

Nydelig solnedgang..

Etter å ha vore på tur i ei veke var det godt å komme heim og til hundane igjen, men å komme til 8 grader og regn var ikkje noko særleg, men,men.. Vi hadde ei heil veke med sol og sommar, så skal kanskje ikkje klagesmiley.

Tilbake til kvardagen, tur med hest og hund, og regn.. Her ser vi Luna og Zuki. Luna var med oss iom at ho skulle stillast søndag i Ålesund, så det bar rett heim og i dusjen, for så å bli føna og stussa litt påsmiley. I Ålesund dagen etter gjekk det Luna sin veg og ho fekk cert, vart Bir og vart plassert i gruppa som nr. 4smiley. Veldig kjekt.

I dag var Randi og eg på tur med Linnsi og Zuki og på veg heim gjekk vi innom mine foreldre. Pappa tok nokre bilder av Linnsi som no er 16 veker gammal.

Så flink å stå smiley

Men sitte kan ho også smiley

Vi har meldt på forskjellige utstillinger framover, og gleder oss veldig til Frya i Pinsa. Helga etter skal vi til Oppdal, og i juli skal vi til Vestnes. Skal vi ta Moelv også tru?


Linnsi, Randi og mamma/besta.


Akira har vore på ferie hos Gudrun og Jan Rune, og Mona som også var der bada og stussa Akira! Skikkelig flott vart ho!

I natt skal Randi og klassa overnatte på skulen, det blir spennande tenker eg. Er vel ei trøtt jente som kjem heim i morga!

-Linn smiley


  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post97

Linnsi, Bergenstur og Bernertreff !

KvardagenPosted by Linn Sun, April 17, 2011 22:11:52

Heisann!
Sida sist har Nellyvill's It's You And Me også kalt Linnsi flytta inn til oss. Ho er ei herlig jente som Randi og eg henta heim for litt over 2 veker sida! Linnsi er ein utrulig herlig kvalp som vi alle gleder oss over å ha i hussmiley. Både Mira og Zuki har som forventa tatt godt i mot ho.



Linnsi ca 9,5 veker gamal.. Flinke Mona som klarte å få ho til å stå stille lenge nok til at eg fekk knipsa bilde av Linnsi! smiley

Forrige helg var Hildegunn med sine to Lagottoar, Ingrid med tollerane sine og eg med Zuki og Luna i Bergen på NKK-utstillinga. Alle 6 hundane fekk excellent, men Hildegunn kom heim med ein ny champion!smiley Herlige Glittra tok det siste certet, vart beste tispe og BIR!
Luna vart plassert som nr. 2 i unghundklassa og Zuki stod igjen som nr. 6 i ei stor åpen klasse.
Tusen takk Ingrid og Hildegunn for ein kjempeartig tur! Gleder meg allerede til neste! smiley Og så var det så koselig at Pia ville komme å møte meg, vi storkosa oss heile dagen med skravling og kake! Tusen takk for kaka Pia, den var nyyydeligsmiley!

I dag har Sunnmørsbernern hatt treff i Nordfjord, og det er kjekt å sjå at folk og hunder kjem sjølv om himmelen opnar seg og regnet høljer ned! Nye ansikt var det i dag også og det gleder megsmiley. Synes det er veldig trivelig at nye kjem på treffa våre, håper vi ser dokke igjen! Eli og Monika viste veg i ein flott skog i dag og til ein super rasteplass! Trur både store og små koste seg trass det våte været!


Til saman telde vi 10 bernera, ein border collie og ein puddel, og 14 på to bein. (om eg har telt rett...)

Dette var første treffet for Linnsi, og ho tok det heile med ein logrande hale! Ho er glad i alt og alle smiley.

Det var det eg hadde for denne gong! Ha ei retteleg fin påske alle der ute!

-Linnsmiley



  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post96

Bernertreff!

TurarPosted by Linn Sun, March 27, 2011 16:20:54

I dag har vi vore på koselig bernertreff ute i øyane, koselig å møte desse herlege bamsane og i dag var Bamse frå Austefjorden med for første gong. Veldig kjekt å sjå og bli kjende med nye ansikt smiley. I og med at vi er ein herlig gjeng med både store og små legg vi ikkje opp til alt for lange turer, men heller turer som passer for store og små bein, og legger inn rast med kosemat og kakaosmiley.

I dag var vi 15 på 2 bein og 8 hunder, koselig det!

Eit bilde av alle hundane og nokre av dei tobeinte:


Frå venstre ser vi ein sheltie, så er det Nydelige Nea, Aslak, Odin, Zuki, Bamse, Caruso og Compis smiley


Litt mat og drikke må vi unne oss!




Gjengen ute på tur, så kjekt at ein kan ha alle hundane lause og alle går flott sammen!

Takk for turen alle sammensmiley

-Linnsmiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post95

Adidas

KvardagenPosted by Linn Tue, February 22, 2011 21:27:21

Ein rørande og samtidig flott minne-film av kjære Adidas, førstefødde kvalpen i vårt A-kull, som døde 31. januar 2011.

Tusen takk til Janne m.familie som ga Adidas et utrulig flott og godt liv!

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post94

Hest, hund og ski!

KvardagenPosted by Linn Sun, February 20, 2011 18:17:17

Åjsann.. no er det jammen lenge sidan eg blogga sist... Egentlig kkje store hendingane som har skjedd sidan oktober... Dagane går eigentleg i eitt med jobb, hus og heim, hund, hundetrening og hest.

For to helger sidan var eg og Zuki på konkurranselydigheitskurs med Liv McDowell. Veldig lærerikt og kjekt. Eg hadde mest fokus på fri ved foten, og det å få bort venstrehånda mi som beklageligvis har "festa" seg i passelig høgde ved midja... Siste kursdagen gjekk "fri ved fot" øvelsen svært bra og eg fekk avslutte kurset veldig positivt, og det gir motivasjon til vidare trening smiley.

Randi har vorte ei skikkelig hestejente, og vi har no ein islandshest som vi disponerer mot at vi tar stallen og også forer dei 10 hestane som står der ein gong i veka og kvar 4. helg. Dette er ei flott ordning som både eg og jentene stortrivst med. Hesten til Randi heiter Lilja og dei er eit flott par! Forrige helg var Randi på helgakurs for å lære meir om gangartane som Lilja har, og då spesielt tølt og trav. Randi hadde ei kjekk og lærerik helg, og gleder seg til vidare kurs! Elles så er vi mykje på tur med både hest og hund saman, og det går veldig bra smiley.

Randi og Lilja på ridekurs!

Det var veldig kjekt å sjå på, spesielt når ho fekk til gangartane!

Det har vore nydeleg vær i det siste, Sol, blå himmel og minusgrader. Etter ridekurset laurdag tok vi oss ein skitur saman med Gro Anita og Anette, Elise var også med. Kjempekoselig tur og Zuki storkosar seg på skitur. Kjempekjekt og fort kan det gå!

Rast med kakao og tursjokolade høyrer med. Det er godt å kjenne at sola varmarsmiley. Kjekt for ungane å ha med seg venniner på tur. Det vert både kjekkare og lettare å gå når ein har med venner.

Zuki er klar til tilbaketuren smiley.

I dag har vi vore i Bondalen hos Jan Rune og Gudrun på igjen eit vellykka bernertreff.
Det er kjekt at så mange møter på treffa våre, og på dei to siste treffa har vi fått to nye bekjentskap! Compis frå Bernerutsikten og Caruso frå Caspario! Kjekt når det kjem nye hunder og nye mennesker som ein kan bli kjent med! I dag var vi 10 hunder og 18 på to bein (om eg hugsar rett...).

Startar med fellesbilde:

Frå venstre ser vi Bella, Nea, Compis, Aslak, Albin, Odin, Zuki, Luna og Caruso.

Sånn kan også eit fellesbilde sjå ut! smiley

Her er det Lisa som griller pølser.

Og litt meir mat... Uten mat og drikke....

Det var ein fin tur og rast vi fekk denne dagen. At det er så fint vær har faktisk litt å seie.. Veldig trivelig tur!

Luna (Tiviniros Poochyena) poserer.. Søta smiley

Her er også to sjarmører, Albin og Aslak.

Tusen takk for turen alle saman!

- Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post93

Kong Vinter

KvardagenPosted by Linn Wed, October 20, 2010 12:04:00

Som overskrifta fortel kom Kong Vinter på besøk i natt. Ungane våkna til kvite marker og vart så glad for det kvite teppet ute... Kan ikkje seie eg deler gleda med dei, men,men.. Etter å ha fått ungane til skulen tok eg og Zuki turen ut. Vi gjekk vår vanlege runde til Røyshytta. Det virker som Zuki synes det er like stas med snø som ungane.smiley

Det er lenge sida sist eg blogga og litt har skjedd sidan sist. 

Fredag 24. september var vi på siste turen med campingvogna for i år. Vi skulle på bernertreff i Herøy søndagen, så vi reiste til Flø den helga. Vi var heldige med veiret, det var sol og blå himmel heile helga! Nydelig der ute med havet, så ope og fint landskap. Laurdagen var vi på fuglefjellet Runde og gjekk tur, kjempeflott var det. Vi kjem nok til å reise til Flø fleire gongar! 

Her er vi på Runde. Flott fjell å gå tur i smiley

På campingplassen var det ei nydelig sandstrand som både unger og hunder koste seg på. 

Nydeleg solnedgang på Flø!

Frukost i det fri. Søndag vakna vi til heilt vindstille og knallblå himmel. Ungane likte ikkje at vi måtte pakke seinare for å reise på bernertreff og heim for ny arbeids - og skuleveke. 

Bernertreffet skulle vere berre 30 min frå campingplassen, så neste stopp var Myrvåg i Herøy. Her venta Lisa og Ann-kristin for å guide oss vidare på tur. Det vart eit svært vellykka treff og Lisa diska opp med forskjellige grillspidd og potetsalat! For ei dame!smiley

Fellesbilde av hundane som møtte på bernertreff, frå venstre: Bella (Lisa si), Odin, Aslak, Albin, Akira, Nea, Mira og Zuki. Bak hovudet til Nea ser vi noke lite svart... det er Tyson.. hehe..

Vi kunne parkere campingvogna på grillplassen, noko som var supert slik vi kunne bruke stolar og bord frå vogna.

Denne helga var heilt fantastisk for kropp og sjel, slikt lever ein lenge påsmiley.

Helga etter dro vi på familietur med Ørsta Røde Kors på Standalshytta. Det var familietur med heilgrilling av lam! 
Laurdagen tok eg og Børulf med oss 5 ungar på ein liten fjelltur. Vi kosa oss med suppe, brød, saft og kjeks. 

Her er Lea, Zuki og Anna under dei mektige Sunnmørsalpane.

To gode venner på tursmiley Lea og Anna. 

Zuki på tur.

Søndag som var hadde Sunnmørsberner'n treff saman med avdeling Sogn og Fjordane. Det var veldig kjekt å møte igjen Darwin (bror til Zuki).

Ein del kjende og ukjende på treffet smiley.

Det var det eg hadde for denne gong..

- Linn smiley


  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post92

Lydigheitskonkurranse og fjelltur

KvardagenPosted by Linn Sun, September 05, 2010 22:56:18

Denne helga helga har det vore LP - AG stemne og kvalpeshow i Ørsta, arrangert av Ørsta og Volda hundeklubb. Eg har vore med å arrangere dette stemnet og for å rekke å gå lydigheit og jobbe som ringsekretær i kvalperingen satt eg oppmøtetid for lp-ringen ein halv time før kvalpebedømminga starta, og satsa på at eg fekk ordne det slik at eg fekk gå lydigheit før kvalperingen starta!
Eg starta dagen kl 0615 for å rigge opp stemnet og få alt i orden. Ringen min, altså kvalperingen, måtte vere heilt ferdig til kl 0900, for eg og Zuki skulle gå Lp kl 0930.

Phu, vi rakk alt vi skulle før tannvisning og fellesdekken starta, og vi var i gangsmiley. På tannvisning fekk vi 10 poeng. På fellesdekken stakk nabohunden, men gode Zuki vart liggande og vi fekk 10 poeng der ogsåsmiley. Deretter var det lineføring og vi klarte å karre til oss 8,5 poeng der, fornøgd med densmiley. I fri ved fot sliter eg litt med at ho detter litt ut, og det skjedde her også, så som forventa vart det berre 7,5 poeng.. Vi fortsetter med dekk frå holdt, der var vi gode nok til 9 poeng, og i innkalling får vi 9,5!smiley Stå under marsj er for oss ein vanskelig øvelse, Zuki vil gjerne følge med og eg måtte legge inn ein dobbelkomando, så det vart 6,5 poeng.. Fritt hopp over hinder 8,5 poeng, og med heilheitsinntrykk på 9 fekk vi den nette sum 169,5 poengsmiley.
Eg vart temmelig overraska då eg plutselig hørte dei ropte etter meg på premieutdelinga, eg hadde vunne klasse 1! Fornøgd slapp eg det eg hadde i hendene og sprang og tok imot gratulasjoner og premier, for så å vende tilbake til "jobb".

Eg og Zuki klar til start!

Fri ved foten, sakte marsj ser det ut som...

Hehe, her held Zuki på å avslutte innkallinga, ho kjem i stor fart og skrenser inn på plass, og eg er fornøgd med poengutdelingasmiley

Anna og Randi var også med på Barn og Hund. Randi med Mira og Anna med lånt hund, Tolleren Ronja. Kjempeflinke var dei begge to!

Stemnet gjekk så utruleg bra, og eg er så glad for at alle vi spurde om hjelp kunne stille! Uten dokke kunne vi ikkje gjennomført dette årligs stemnet vårt!

I dag har vi vore på ein flott fjelltur. Målet var Kjerringtinden som ligg 1130 meter over havet. Då vi nådde nesten 800 meter vart det litt for tøft for Anna, det var bratt og mykje klatring for små bein, så Anna, eg og Zuki snudde og gjekk ned igjen, medan Arnfinn og Randi fortsette saman med resten av turfølget vårt. Men vi hadde ein flott tur med nydelig utsikt sjølv om vi ikkje nådde toppen i dag.

Randi og Anna på veg opp til Kjerringa.

Videolink frå toppen 

Zuki og Anna på veg ned igjen, Mosetra i bakgrunnen.

Forrige søndag var vi og reid Mini. Mini kjøpte eg som 3 årig hingst, men vart vallak samme dag som han kom til meg. Eg hadde Mini til 2001 etter å ha hatt han i 7 år. Godare og meir spesiell hest skal ein leite lenge etter. No er han 19 år gammal, men like god og sprek som eg kan huske han var då han var min.

Her er det Randi som tar seg ein tur på ridebana med han. Utrulig kjekt å låne han.

Linn smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post91

Litt om sommaren 2010...

KvardagenPosted by Linn Sun, August 08, 2010 23:11:45

Vi er komen ut i august og sommarferien er snart over. Denne sommaren har vore innhaldsrik då vi er så heldige å få låne islandshesten Frodi, vi har vore på ferietur og Randi deltek på symjeleir og har vorte kjend med mange jamnaldringar frå Bergensområdet.

Vi starta ferieturen med å reise rett til Ørebro og Gustavsvik Camping der Hege, Hilmar, Marius og Marthe venta på osssmiley. I Sverige møtte vi endeleg sommaren som har vore totalt fråverande her på sunnmøre... Eg møtte vel sommaren litt for voldsomt og vart svært så solbrentsmiley, sånn går det når kroppen ikkje har sett sol på aldri så lenge...
Randi, Elise og Magne, som vi også var på Gustavsvik saman med, deltok på Sirkusskulen som holdt til på campingplassen.
Sirkusskulen var mandag til fredag frå 10.00-12.00 og fredagskvelden var dei med i sirkusforestillinga og hadde oppvisningsmiley. Kan tenke meg det var fleire foreldre enn berre meg som satt der med tårer i augene og klump i halsen! Så mykje ungane hadde lært berre på få timar og det å tørre å stå i manesjen med lyskaster på seg og vise fram kva dei hadde lært! Superstoltsmiley

Randi og Magne viser fram litt av kunstane dei har lært seg.

Anna med klovnenasa sismiley.

Etter ei veke i Sverige gjekk turen vidare til Nordkisa der søstera mi Siri bur. Det ligg berre ein halv time frå Gjerdrum så eg fekk med meg 2 fellesturer med deler av Gjerdrumgjengen. Kjempekoselige turer, sjølv om den første turen var ganske så våt!
Eit par bilder av solskinnsturen:

Rast på "toppen". Kjempekoselig tur, vi kjem igjen og blir med på tur neste sommar smiley.

Etter kvart kom også mine foreldre ned til Siri og vi var samla heile familien, noko som er ganske skjeldan vi får til. Anna vart igjen hos tante Siri då vi reiste heim og fikk vere igjen saman med besta og besten, stas det!

Det har vorte mange turar med hest og hund denne sommaren. Randi har no fått smaken på både trav og galopp så no får mor og hundane ekstra trim! Men kjekt er det, vi storkosar oss på turane våre.

Her er Frodi med Anna på ryggen, Randi, Luna, Akira, Bella og Zuki.

Vi har hatt sommarbesøk i ei vekes tid av Akira og Luna. 2 hunder til og frå merkast vel ikkje??
Tok med meg begge til veterinæren og røntga hofter og albuer. Begge fikk A hofter, Luna A albuer men Akira fikk D på albuersmiley. Heldigvis viser ho ikkje noko symptomer og er frisk og rask.

Frå venstre Bella, Luna, Zuki og Akira.

Heile gjengen min samla, Bella (Tiviniros Izabella), Luna (Tiviniros Poochyena), Zuki (Melkebarts Draum), Akira (Melkebarts Eventyr) og Mira (Willemos Lamira).

Etter vi kom heim frå ferietur har vi faktisk hatt ganske bra vær, og vi har fått gått fine turer. Her er bilder frå turen Randi og eg gjekk til Vardehornet og Dinglavatnet. Ein skikkelig herlig tur som startar frå huset vårt. Vi har så utrulig mange flotte turmuligheiter i nærområdet vårt!

Eg og bernergjengen på toppen. (Mira får ikkje vere med på slike turer, ho er over 11 år no og dårlig til beins...)

Veldig kjekt å ha med seg Randi på fjellet, ho er som ei fjellgeit! Her er ho sammen med Akira.

Det var ei lita oppsummering av sommaren her hos oss i kennel Melkebart.

- Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post90

Sommar, sol og....

KvardagenPosted by Linn Tue, June 22, 2010 23:35:39

Skuleferien har starta og vi er godt ut i juni, men sommaren, kvar vert det av den? Den er ikkje her i vertfall..
Anna og spesielt Randi har gleda seg veldig til skuleferien for vi er så heldige å få låne Islandshesten Frodi no i sommar. I går var vår første tur med Frodi og vi gleder oss veldig til neste tur i morga!

Litt bilder frå gårsdagens tur:

Anna og Randi sammen med Frodismiley

Anna og Frodi.

Randi og Frodi.

Tusen takk til Mari for at vi får låne Frodi i sommarsmiley

I helga var eg, ungane og hundane på Valderøya/Vigra og besøkte besteforeldre, tante, onkel og søskenbarn. Ei utrulig koselig helgsmiley Søndag vakna vi til nydeleg vær, sol men med kald vind.. Morgonturen med hundane gjekk ned til Moloen og i fjøra. Zuki hoppa opp på murkanten på moloen av seg sjølv og balanserte langs heile moloen! Så morsomt å sjå kor ho konsentrerte seg der ho balanserte bortover murensmiley

Alle 3

I kveld har vi også hatt sommaravslutning i Hundeklubben, der vi laga til eit lite lydigheitsstemne. Det var lov å belønne mellom kvar øvelse og veldig uformelt. Men kjekt å få gå gjennom programmet på den måten ogsåsmiley Av 9 startande vart eg og Zuki nr 3, og eg er kjempefornøgd med Zuki i dag! Syns ho gjekk veldig bra, og var med i alle øvelsane.

Ha ei fin veke dokke der utesmiley

-Linnsmiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post89

Frya 2010

UtstillingPosted by Linn Sun, May 23, 2010 19:53:28

Torsdag pakka me vogn og bil og reiste til Frya for å delta på Norsk Berner Sennenhundklubb sin hovudspesial. Her kjem ei lita oppsummering av helgas begivenheitersmiley. Fredag var det nydeleg vær og vi berre kosa oss i sola med god mat og drikke.

Forrige laurdag heiv eg meg rundt og meldte meg på lydigheit klasse 1, så fredagen gjekk vel egentleg også med til å grue seg til å debutere i lp-ringen... Kl 9 laurdag var tida inne og vi starta med tannvisning og fellesdekk, det endte med 10 og 9,5. Lydigheitsdebuten enda med 152,5 poeng og 8 i heilheitsinntrykksmiley.

Eg og Zuki, full fokus smiley
Er kjempefornøgd med både Zuki og min prestasjon i lp-ringen. Dette gav meirsmak og eg vart veldig motivert til vidare trening, dette skal vi gjere fleire gongar. Vi endte til slutt på ein 4. plass av totalt 20 deltakararsmiley.

Søndag skulle Zuki og Luna i eksteriørringen, Luna i juniorklassa der ho endte som nr 3 med ck av 13 stk, og Zuki vart nr 4 i open klasse med ck av totalt 26 stk. Kjempebra av bernerjentene minesmiley.

Luna nr 3 med ck.

Zuki nr 4 med ck.

Zuki var også med i pappa Otto si avlsgruppe og han vart nr 1 med hp.

No er det kveld og vi skal berre kose oss, og så pakker vi saman og reiser heim i morgatidleg. Dette har vore ei kjempehelg og vi har storkosa oss på en super treffplass med gode vener!

- Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post88

Nkk-Bergen og Førde

UtstillingPosted by Linn Mon, April 26, 2010 21:40:10

Jah.. då var det tid for litt blogging igjensmiley. Sidan sist har det vore både Nkk i Bergen og utstilling i Førde.

Fekk berre med meg NKK-utstillinga i Bergen då Randi fyllte 10 år søndagen og eg såklart ville vere heime og feire hosmiley. Men iom at Zuki har to småcert frå før, så var det berre Nkk-certet eg var ute etter... så det passa bra at eg både fekk med meg nkk-utstillinga og 10-års feiringasmiley.

Vi var 6 damer og 6 hunder som reiste sammen frå Volda/Ørsta og vi hadde ein veldig trivelig tur!
Zuki plasserte seg som nr. 2 med CK i ei stor open tispeklasse, så er veldig fornøgd med detsmiley.

Helga etter var det å sette seg i bilen igjen og komme seg til Førde. 3 damer og 4 hunder på tur i gode gamle Caravella smiley.
Då me kom til campingplassen og opna hytta me hadde leigt velta ei grusom hannhundpiss-stank mot osssmiley etter å ha snakka med folka i nabohytta så fekk vi høre at dama som hadde hytta natta før oss lot hundane gå og markere rundt i hytta!smiley Eg vert heilt sjokkert! Tenk som ho ødelegger for oss andre med hund! Vi fekk tildelt ny og større hytte og takkar for kjempeflott service på Førde gjestehus og camping!

Søndagen var det utstilling og eg skulle stille Luna, Zuki og Darwin (bror til Zuki). Chevy, søster til Zuki vart også stilltsmiley. Først inn var Darwin som vant open klasse men fekk ikkje CK pga at dommer synes han var for stor.. Nestemann inn var Luna, vant juniorklassa med ck, så var det Chevy og Zuki sin tur.. Zuki vann open klasse og Chevy nr 3, begge uten ck også pga størrelsen... Så lisje Luna på 9 mnd og 3 dager tok certet og vart BIR! Herlig smiley. Ho vart ikkje plassert vidare i gruppefinalen.

Tiviniro's Poochyena:

Tusen takk til alle som hjalp meg rundt ringen! Ka ej skulle gjort uten dokke!? Og tusen takk til Monika som tok bildene av Lunasmiley Kameraet mitt er for tida til reparasjon så eg har ingen fleire bilder verken frå Bergen eller Førde.

Møtte også Kaisa frå E-kullet i Førde, ei herlig frøken! Gleder meg til å møte dokke igjen neste år i Førde!

Det var det eg hadde for denne gong!

Ha ei fin veke dokke der ute..

-Linn

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post87

Lp-kurs med Ellinor

KvardagenPosted by Linn Mon, April 12, 2010 21:04:51

Ørsta og Volda hundeklubb hadde denne helga invitert Ellinor Antonsen og John Ketil Rogneslien - www.totalhund.no til Ørsta/Volda for Lp-kurs. Og for ei helg det vart! Utrulig kjekt at dei ville komme tilbake til oss igjen (dei var her i fjor, men det var den helga det var utstilling i Førde, og eg prioriterte den... bombe.. hehesmiley)

Denne helga har vore utrulig lærerik og ikkje minst inspirerande! Har i dag vore å trent lydigheit og GUD så kjekt det er!!

Glømte sjølvsagt å ha med kamera, men Ingrid, Hildegunn og Sølvi tok bilder og eg fekk desse bilda av Ingrid, tusen takk Ingrid smiley

Her er vertfall Zuki klar for å jobbe!!

Litt søt da med uklipte ører! (Åj, sa ej ditta??smiley)

Søta smiley

Tusen takk til Ellinor og John Ketil for inspirerande og utrulig bra kurs, og takk til alle som var på gruppa mi - for ein herlig gjeng dokke e! Gleder meg til å reise saman med dokke til Bergen og Førde!!

Ha ei fin veke dokke der utesmiley.

- Linnsmiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post86

Vi koser oss!

TurarPosted by Linn Thu, April 01, 2010 20:58:15

Påskeferien har starta og vi har det heilt topp! Tirsdag fylde vi bilen med hunder, ski og sykler og kjørte til Hege, Hilmar, Marius og Marthe på Hjelset. Her har vi påskeferien i år smiley. Onsdag vakna vi til sol/overskya og vi bestemte oss for at vi skulle gå skitur. Turen gjekk til Rypå og dit er det eit godt stykke å gå. Ungane var kjempeflinke som gjekk ein så lang tur!

Anna på veg til Rypå, så flink jentesmiley.

Vi rasta då vi kom fram og kosa oss med kakao og god mat.

Mor sjølv slapper av med sjokobolle smiley

På kvelden grilla vi pølser i Hilmar si nyinnkjøpte bålpanne. Faktisk nydelig godt med pølse og brød når ein får grille det på gamlemåten!

Tone og Terje kom også og grilla = koseligsmiley Vi satt ute til seint på kveld, godt å varmt ved bålpanna.

I dag, torsdag, tok vi turen til Bud. Eg har aldri vore på Bud og hadde lyst å oppleve Kyststien og naturen rundt Bud, ein nydelig plass!

Rasting ved Kyststien og ute ved havet.

Anna og Randi på Bud.

Vi kjørte om Farstadstranda tilbake til Hjelset, der fikk nuffekvalpane til Hege lufte seg litt og møte havet.

Firerbanden - en herlig gjengsmiley

Anna på tur smiley

Ungane fann litt av kvart på stranda.

Marthe.

Gode gamle Mira.

Mira nyter å ha møtt våre ute ved havet.

No har Hilmar laga sin berømte gode pizza som eg har masa om sida eg kom inn døra her... så då får eg avslutte denne bloggen før dei andre eter opp pizzaen.

Ha ei fortsatt fin påske!

Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post85
« PreviousNext »