Melkebartbloggen

6 veker!G-kull

Posted by Linn Tue, January 29, 2013 22:49:16

Veldig hektiske dagar her, så i dag vert det berre bilder smiley

Blog imageHann 1, 6430 gr.

Blog imageHann 2, 5120 gr.

Blog imageTispe 1, 6160 gr.

Blog imageTispe 3, 6770 gr.

Blog imageTispe 4, 6420 gr.

Blog imageTispe 5, 6070 gr.

Så nokre ståbilder, hann 1 først osv.

Og nokre bilder til smiley

Blog image

Blog image

Blog image

Blog image

Blog image

Blog image

Blog image

Linn smiley

Ei lita og kjapp oppdateringG-kull

Posted by Linn Wed, January 23, 2013 23:46:36

Døgnet har for få timar! Det følast vertfall slik med ein aktiv gjeng på 6 som no går fritt som dei vil i stue og kjøkken smiley. vi har mykje besøk av store og små, og det er veldig triveleg. Alle besøk er like kjekke!

I dag har vi hatt besøk av kommande kvalpekjøpar frå Tingvoll, veldig koselig å møte deg Ingvill smiley. Og seinare på kvelden kom tidlegare kvalpekjøpar Turid og dattera Ingrid på besøk. Dei måtte innom og snuse og kosemose dei deilige kvalpane.

Nokre bilder av G-gjengen som var 5 veker i går:

Blog imageHann 1, 4900 gr.

Blog imageHann 2, 4130 gr.

Blog imageTispe 1, 4860 gr.

Blog imageTispe 3, 5500 gr.

Blog imageTispe 4, 5240 gr.

Blog imageTispe 5, 4600 gr.

- Linn smiley

Halvvegs til 8 vekerG-kull

Posted by Linn Wed, January 16, 2013 21:41:55

Ja, så er G-gjengen 4 veker gamle, og det er berre 4 veker igjen til dei skal til sine nye heimar.

I dag vart valget til lille tispe2 tatt, og ho fikk reise til dei evige jaktmarker... Ho hang veldig etter dei andre både i vekt og motorikk, så i samråd med veterinær bestemte vi at ho skulle få kvile. Veldig trist, men sånn kan det av og til gå..

Guttaboys skal begge til Trondheim, og tispene skal til Ål i Hallingdal, Bergen og Tingvoll. Det er ikkje bestemt om den siste tispa skal selgast eller setjast ut på for... Om du er interessert i å vere forvert, eller veit om nokon som vil vere det så ta kontakt. Denne personen må bu på Sunnmøre eller nordfjord/Stryn..

G-gjengen vert meir og meir aktiv, men fortsatt er det mykje soving i kvalpekassa. Dei har fått testa ut fast føde, og alle som ein likte det veldig godt.

Vi har også i helga hatt besøk av kvalpekjøparar frå Trondheim. Det var veldig koselig at dei ville ta turen og helse på. Vi har også hatt ein del besøk av andre kjente hundevenner, veldig, veldig kjekt! Kom snart igjen, veldig kjekt med besøksmiley.

Litt bilder av gjengen 4 veker gamle:

Blog imageHann 1, 3630 gr.

Blog imageHann2, 3000 gr.

Blog imageTispe 1, 3780 gr.

Blog imageTispe 3, 4030 gr.

Blog imageTispe 4, 3690 gr.

Blog image

Tispe 5, 3430 gr.

-Linn smiley

Tida går, gjengen er 3 veker gamle!G-kull

Posted by Linn Tue, January 08, 2013 20:56:31

Så er det tirsdag igjen og tid for blogging smiley

Kvalpane er no 3 veker gamle, og mykje skjer i tida framover. Dei går no rundt i kvalpekassa og prøver seg på litt ustø leik, knurring og bjeffing. Det er tydelig at dei hører oss rundt kvalpekassa. Om ikkje lenge vert kvalpekassa utvida, og dei får sjå meir av den store verden utanfor kvalpekassa. Dei er dagleg ute på stove/kjøkkengolvet for å utforske verda smiley. Om ikkje mange dagar skal dei få smake litt fast føde, og det vert spennande.

Litt bilder:

Blog imageAnna med sin favorittkvalp, tispe nr 5 smiley.

Blog imageDet begynner å verte trangt rundt "matfatet"...

Blog imageTispe 4 på vekta smiley

Blog imageHann 1, 2600 gr.

Blog imageHann 2, 2240 gr.

Blog imageTispe 1, 2640 gr.

Blog imageTispe 2, 1650 gr.

Blog imageTispe 3, 2910 gr.

Blog imageTispe 4, 2590 gr.

Blog imageTispe 5, 2370 gr.

-Linn smiley

G-kullet 2 veker gamle!G-kull

Posted by Linn Tue, January 01, 2013 19:35:33

Då er G-gjengen 2 veke gamle. Vi har i dag gitt alle sammen ormekur og dei har fått klipt klørne sine. Dei veks jamt og trutt og Luna steller fortsatt bra med sine små.

Augene til dei fleste har opna seg, med somme berre ei lita glipe og med andre meir. No skjer det mykje i vekene framover, og kvalpekjøparar rundt om har mykje å sjå fram og glede seg til!

Blog imageHann 1, 1900 gr.

Blog image

Hann 2, 1680 gr.

Blog image

Tispe 1, 1850 gr.

Blog image

Tispe 2, 1080 gr.

Blog image

Tispe 3, 1980 gr.Blog image

Tispe 4, 1800 gr.

Blog image

Tispe 5, 1650 gr.

-Linn smiley

Litt bilder av G-gjengenG-kull

Posted by Linn Fri, December 28, 2012 10:09:14

Dagane går og eg har tatt nokre bilder av småtrolla. Må starte å tenke ut stamtavlenamn også, og det skal ikkje bli lett merkar eg. Om nokon har noko forslag på G så berre kom med dei!

Litt bilder:

Blog imageVakre Luna med nokre av sine søte små.

Blog imageLitt kos og vasking må til smiley

Blog image

Blog image

Blog image

Blog image

G-gjengen 1 veke gamle!G-kull

Posted by Linn Wed, December 26, 2012 10:49:06

I går var G-kullet 1 veke gamle. Tispe 2 fikk ein litt hard start på livet og har trengt litt ekstra hjelp for å holde varmen og få i seg mat. Men no ser det mykje betre ut for lille tispe 2, ho veks og er aktiv og vi er mykje tryggare på at det skal gå bra.

Dei andre i kullet er store buldosarar i forhold, og veks for kvar dag. Luna er ei flink og omsorgsfull mor, men tek seg no turar ut av kvalpekassa for å kvile litt mellom slaga.

Blog imageAnna gir varme til tispe 2, ein får eit spesielt forhold til slike små som ein må hjelpe litt ekstra smiley. Båda Anna og Randi er kjempeflinke til å hjelpe til i kvalpekassa og med dei andre hundane.

Blog imageHer er hannhund nr. 1, han veg 1190 gr.

Blog imageHannhund nr. 2, med 1110 gr.

Blog imageTispe nr. 1, ho veg 1280 gr.

Blog imageSå er det lille tispe 2, som har hatt en litt tøff start i livet, ho veg 700 gr.

Blog imageTispe nr. 3, med 1350 gr.

Blog imageTispe nr. 4, ho er 1090 gr.

Blog imageOg til slutt tispe 5, som er 970 gr.

Alle kvalpane med unntak av tispe 2 har kvit haletupp. Tispe nr 5 er overtegna i ansiktet, resten av kullet er korrekt tegna.

Blog image

Blog image
Skal prøve å få tatt fleire bilder etter kvart!

På gjensyn!

-Linn smiley

Melkebarts G-kull er født!G-kull

Posted by Linn Wed, December 19, 2012 14:41:13

I går kom 8 kvalpar til verda hos oss! Til saman kom det 6 tisper og 2 hannar, men desverre kom eine tispa ut død, og eg klarte ikkje å få liv i ho igjen. Men vi kosar oss no med dei 7 kvalpane som er her smiley

Frå Paris til Ålesund og Frya! Turar

Posted by Linn Sat, June 02, 2012 22:32:19

Ja, vi har vore i Paris! Heile familien tok seg ei veke ferie og reiste på besøk til Arnfinn sin familie. Tanta og onkelen til Arnfinn bur i Paris, og første veka i mai var vi på besøk hos dei. Vi hadde ei fantastisk flott veke med mange opplevelsar, inntrykk og god mat! Er glad vi hadde ei heil veke på oss, for i Paris er det veldig mykje å oppleve og få med seg!

Blog image
Eiffeltornet fikk vi så klart med oss! Både på dag og natt! Vi tok ikkje heis opp i tårnet, var absolutt ingen problem å gå trappene opp.

Blog image
Om kvelden etter det var mørkt, lyste Eiffeltårnet opp og kvar heile time så blinka det i 5 min, utrulig vakkert å sjå på!

Blog image
Anna og Randi på toppen av Truimfbuen, Eiffeltårnet i bakgrunnen.

Blog image
Ein tur til Euro-Disney måtte vi så klart også! Der var parade med alle Disneyfigurane.

Blog image
I ei av gatene i Eurodisney.

Blog image
Eine dagen var vi ute for å kjøpe kake! Eg fann ei utrulig god ei! Den smakte himmelsk!

Blog image
Vil takke Ann-Marit og Tore for turen vi fikk til Paris! Vi kjem gjerne tilbake!! smiley

Ålesund!
20. mai var det utstilling i Ålesund og Arne Foss var dommar på Berner. Connie plasserte seg som nr 2 (av 4) i 6-9 mnd, med ein fin kritikk! Linnsi fikk 2 røde i junior. Ho var og er for tida uten pels... Anna og Connie vant Barn og Hund! Var ei stolt mor som stod ringside då ja!

Blog image
Bilde av Connie, tatt i Ålesund etter utstillinga.

FRYA!
Torsdagen etter Ålesund var campingvogna pakka og vi var klare for FRYA! Dette er ei utstilling som vi ser fram til kvart år! Vi har siste åra reist nedover torsdag ettermiddag/kveld og det er utrulig godt å ha fredagen til berre kos og avslapping! I år hadde vi det nydelig med godt og varmt vær. Til sammen 10 vogner/bobiler samla seg på plassen vår og vi hadde det utrulig sosialt sammen, barn som voksne!

Først ut i utstillingsringen var Connie, og ho plasserte seg igjen som nr. 2 i 6-9 mnd, nok ein gong med flott kritikk! Linnsi vart plassert som nr 4 i junior, og det med ein pels som fortsatt ikkje er på plass... Veldig fornøyd med begge jentene mine smiley
Connie på Frya:

Blog image

Zuki var ikkje påmeldt i år, då ho fikk vannhale rett før påmeldingsfristen, så desverre har ho ikkje vore i form til utstilling i det siste.

I dag fikk Zuki seg eit bad og slik ser ho ut i dag, 4 år gammal:

Blog image
Melkebarts Draum - Zuki.

Har forresten vore i Førde også på utstilling. Connie vart BIR (einaste kvalpen...) og Linnsi 2BTK med Ck og reservecert! Vart ikkje igjen til gruppa med Connie, for eg skulle reise til Paris dagen etter...

Det var det eg hadde for denne gang!

-Linn smiley

Opp før fugl skit på jord... Utstilling

Posted by Linn Sun, March 04, 2012 21:35:13

Når det ein har kvalp og det er kvalpeshow i nærleiken (les 3,5t og 2 ferjer) så må ein berre melde seg på og delta! Då eg sto opp 05.20 skal det vere sagt at eg angra noko på heile greia... Trøtt som eg var...Men vi kom oss i bilen, fikk henta Marie, Eiril og Milly (Tiviniro's Riverdance) og reisa til Farstad tok til. Etter 3,5 timer og 2 ferjer var vi framme. Der møtte vi fleire kjente bernerfolk og vi hadde det veldig koselig ringsidesmiley.

Connie tok utstillinga med stor ro. Ho er ein herlig og rolig kvalp. Helste litt på to og firbeinte og la seg rett og slett ned og venta til det var hennar tur i ringen.

Connie vart til slutt BIR og BIG 3 smiley Er kjempestolt av godjenta!

Anna stilte også Connie i Barn og Hund og endte til slutt på 1. plass smiley Var ei stolt mor som stod ringside då ja smiley

Blog image
Melkebarts Fantasi - Connie vart Beste tispe, BIR og BIG 3, medan Tiviniro's Red Rose for Love - Rikke vart 2. beste tispe.

-Linn smiley

5 veker!F-kull

Posted by Linn Wed, November 16, 2011 20:43:05

Hjelp, berre 3 veker att til levering! Kvar vert tida av? Tenker nok tida går mykje fortare for meg, enn for dei som venter på å få hente seg kvalp! Det er ikkje bestemt kven som reiser kvar enda, men eine hannen reiser til Karmøy og den andre til Bergen. Med tispa er det ikkje bestemt enda om ho vert verande her, eller om ho vert Ålesunder..

Det er no absolutt meir liv i dei no når dei er vakne, men fortsatt er det mykje soving. Vi har utvida kvalpekassa med grinder som dei er i når vi ikkje er heime. Elles går dei mykje rundt på stova og kjøkkenet slik dei vil, sammen med dei vaksne hundane smiley.



Dei har også vore litt ute siste dagane, noko som er veldig spennande. Det er mykje som skal utforskast smiley.

-Linn smiley

F-kullet 3 veker gamleF-kull

Posted by Linn Wed, November 02, 2011 22:38:12

Kvalpane er no 3 veker gamle, og dei er meir på beina. Litt meir liv i dei, men framleis er det mat og soving som vert prioritert.

Luna styrer og steller med dei, og har meir enn nok mat til dei 3 rullepølsenesmiley.


Kvalpane var veldig trøtte då vi tok bilder, som tispa viser smiley. Tida går fort, og snart skal dei få smake på fast føde.

-Linn smiley

Trekløveret 2 veker gamleF-kull

Posted by Linn Wed, October 26, 2011 21:20:34

Då har kvalpane vorte to veker gamle, og eg ser utvikling for kvar dag som gårsmiley. Tispa ligger litt forran begge brødrene. Ho opna augene to dagar før, og ho "går" også meir stødig og fleire steg enn brødrene.


Kvalpane får mykje kos og oppmerksomheit frå oss, og om ei vekes tid opnar eg heimen til andre som vil komme å kose og snuse på godklumpane smiley.

Luna er fortsatt ei god mor. Ho mater, vasker og koser seg med kvalpane. Vi har no flytta kvalpekassa ned i stua, og Luna synes det er heilt ok. Eg ligg fortsatt sammen med kvalpane (på sofaen vel og merke smiley), synes det er greit å ha kontroll og passe litt på.

- Linn smiley

Trekløveret :)F-kull

Posted by Linn Thu, October 13, 2011 22:01:10

Alt går berre bra med trekløveret som ligger i kvalpekassa smiley. Luna har det også bra, og i skrivande stund snorkar ho ganske djupt. Tek på å vere småbarnsmor til trillingar smiley.


Luna hadde ein fin og egentlig enkel fødsel. Første kvalp vart fødd kl. 00.30. Det var tispa som var først ut. Ho hadde ei fin fødselsvekt med sine 630 gram, i dag er ho 760 gr. Kvalp nr. 2 og 3 var døde og kom etter at tispa var født. Neste kvalp var hanne 1, født kl. 01.50 og han vog 680 gram. I dag vog han 810 gram. Neste hannhund kom kl. 03.45, 620 gram, og i dag 780 gram. Siste kvalp vart fødd 05.00 og var diverre død. Alle kvalpane er fint tegna, og utan haleknekkar. Dei er berre herlege! smiley

Etter fødselen var over og eg hadde vore voken i 27 timar (!) måtte eg ein tur på jobb og Arnfinn var hundevakt for dei tre små og Luna. Eg jobba berre til lunsj, så overtok eg passet slik at Arnfinn også fikk nokre timar på jobb.

Luna ligg no på eige rom slik at ho og kvalpane får mest muleg ro i dei første vekene. Heldigvis har eg ei god seng ved sidan av kvalpekassa, så eg søv godt når eg søv smiley.

I mangel av eit godt kamera, blir det lite bilder. Har berre eit dårleg kompaktkamera, og er ikkje fornøgd med bilda, derfor vert det diverre ikkje mange bilder av kvalpane. Men skal høre om eg får låne min fars kamera som er langt bedre enn mitt, så det er muleg det plutseleg kjem ein heil del bilder! smiley

Linn smiley

Luna fikk tre kvalparF-kull

Posted by Arnfinn Tue, October 11, 2011 09:40:15

Blog image
I natt kom ei tispe og to hannar. Desverre vart det tre som ikkje var levande også, men no gledar vi oss over dei tre som er sterke og friske og veldig livligesmiley.

Luna ser ut til å være ei god mor sjølv om ho naturlig nok er litt trøytt etter natta.

Blog image