Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

6 veker!

G-kullPosted by Linn Tue, January 29, 2013 22:49:16
Veldig hektiske dagar her, så i dag vert det berre bilder smiley

Hann 1, 6430 gr.

Hann 2, 5120 gr.

Tispe 1, 6160 gr.

Tispe 3, 6770 gr.

Tispe 4, 6420 gr.

Tispe 5, 6070 gr.

Så nokre ståbilder, hann 1 først osv.

Og nokre bilder til smiley

Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post114

Ei lita og kjapp oppdatering

G-kullPosted by Linn Wed, January 23, 2013 23:46:36

Døgnet har for få timar! Det følast vertfall slik med ein aktiv gjeng på 6 som no går fritt som dei vil i stue og kjøkken smiley. vi har mykje besøk av store og små, og det er veldig triveleg. Alle besøk er like kjekke!

I dag har vi hatt besøk av kommande kvalpekjøpar frå Tingvoll, veldig koselig å møte deg Ingvill smiley. Og seinare på kvelden kom tidlegare kvalpekjøpar Turid og dattera Ingrid på besøk. Dei måtte innom og snuse og kosemose dei deilige kvalpane.

Nokre bilder av G-gjengen som var 5 veker i går:

Hann 1, 4900 gr.

Hann 2, 4130 gr.

Tispe 1, 4860 gr.

Tispe 3, 5500 gr.

Tispe 4, 5240 gr.

Tispe 5, 4600 gr.

- Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post113

Halvvegs til 8 veker

G-kullPosted by Linn Wed, January 16, 2013 21:41:55

Ja, så er G-gjengen 4 veker gamle, og det er berre 4 veker igjen til dei skal til sine nye heimar.

I dag vart valget til lille tispe2 tatt, og ho fikk reise til dei evige jaktmarker... Ho hang veldig etter dei andre både i vekt og motorikk, så i samråd med veterinær bestemte vi at ho skulle få kvile. Veldig trist, men sånn kan det av og til gå..

Guttaboys skal begge til Trondheim, og tispene skal til Ål i Hallingdal, Bergen og Tingvoll. Det er ikkje bestemt om den siste tispa skal selgast eller setjast ut på for... Om du er interessert i å vere forvert, eller veit om nokon som vil vere det så ta kontakt. Denne personen må bu på Sunnmøre eller nordfjord/Stryn..

G-gjengen vert meir og meir aktiv, men fortsatt er det mykje soving i kvalpekassa. Dei har fått testa ut fast føde, og alle som ein likte det veldig godt.

Vi har også i helga hatt besøk av kvalpekjøparar frå Trondheim. Det var veldig koselig at dei ville ta turen og helse på. Vi har også hatt ein del besøk av andre kjente hundevenner, veldig, veldig kjekt! Kom snart igjen, veldig kjekt med besøksmiley.

Litt bilder av gjengen 4 veker gamle:

Hann 1, 3630 gr.

Hann2, 3000 gr.

Tispe 1, 3780 gr.

Tispe 3, 4030 gr.

Tispe 4, 3690 gr.

Tispe 5, 3430 gr.

-Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post112

Tida går, gjengen er 3 veker gamle!

G-kullPosted by Linn Tue, January 08, 2013 20:56:31

Så er det tirsdag igjen og tid for blogging smiley

Kvalpane er no 3 veker gamle, og mykje skjer i tida framover. Dei går no rundt i kvalpekassa og prøver seg på litt ustø leik, knurring og bjeffing. Det er tydelig at dei hører oss rundt kvalpekassa. Om ikkje lenge vert kvalpekassa utvida, og dei får sjå meir av den store verden utanfor kvalpekassa. Dei er dagleg ute på stove/kjøkkengolvet for å utforske verda smiley. Om ikkje mange dagar skal dei få smake litt fast føde, og det vert spennande.

Litt bilder:

Anna med sin favorittkvalp, tispe nr 5 smiley.

Det begynner å verte trangt rundt "matfatet"...

Tispe 4 på vekta smiley

Hann 1, 2600 gr.

Hann 2, 2240 gr.

Tispe 1, 2640 gr.

Tispe 2, 1650 gr.

Tispe 3, 2910 gr.

Tispe 4, 2590 gr.

Tispe 5, 2370 gr.

-Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post111

G-kullet 2 veker gamle!

G-kullPosted by Linn Tue, January 01, 2013 19:35:33

Då er G-gjengen 2 veke gamle. Vi har i dag gitt alle sammen ormekur og dei har fått klipt klørne sine. Dei veks jamt og trutt og Luna steller fortsatt bra med sine små.

Augene til dei fleste har opna seg, med somme berre ei lita glipe og med andre meir. No skjer det mykje i vekene framover, og kvalpekjøparar rundt om har mykje å sjå fram og glede seg til!

Hann 1, 1900 gr.

Hann 2, 1680 gr.

Tispe 1, 1850 gr.

Tispe 2, 1080 gr.

Tispe 3, 1980 gr.

Tispe 4, 1800 gr.

Tispe 5, 1650 gr.

-Linn smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post110

Litt bilder av G-gjengen

G-kullPosted by Linn Fri, December 28, 2012 10:09:14

Dagane går og eg har tatt nokre bilder av småtrolla. Må starte å tenke ut stamtavlenamn også, og det skal ikkje bli lett merkar eg. Om nokon har noko forslag på G så berre kom med dei!

Litt bilder:

Vakre Luna med nokre av sine søte små.

Litt kos og vasking må til smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post109

G-gjengen 1 veke gamle!

G-kullPosted by Linn Wed, December 26, 2012 10:49:06
I går var G-kullet 1 veke gamle. Tispe 2 fikk ein litt hard start på livet og har trengt litt ekstra hjelp for å holde varmen og få i seg mat. Men no ser det mykje betre ut for lille tispe 2, ho veks og er aktiv og vi er mykje tryggare på at det skal gå bra.

Dei andre i kullet er store buldosarar i forhold, og veks for kvar dag. Luna er ei flink og omsorgsfull mor, men tek seg no turar ut av kvalpekassa for å kvile litt mellom slaga.

Anna gir varme til tispe 2, ein får eit spesielt forhold til slike små som ein må hjelpe litt ekstra smiley. Båda Anna og Randi er kjempeflinke til å hjelpe til i kvalpekassa og med dei andre hundane.

Her er hannhund nr. 1, han veg 1190 gr.

Hannhund nr. 2, med 1110 gr.

Tispe nr. 1, ho veg 1280 gr.

Så er det lille tispe 2, som har hatt en litt tøff start i livet, ho veg 700 gr.

Tispe nr. 3, med 1350 gr.

Tispe nr. 4, ho er 1090 gr.

Og til slutt tispe 5, som er 970 gr.

Alle kvalpane med unntak av tispe 2 har kvit haletupp. Tispe nr 5 er overtegna i ansiktet, resten av kullet er korrekt tegna.


Skal prøve å få tatt fleire bilder etter kvart!

På gjensyn!

-Linn smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post108

Melkebarts G-kull er født!

G-kullPosted by Linn Wed, December 19, 2012 14:41:13
I går kom 8 kvalpar til verda hos oss! Til saman kom det 6 tisper og 2 hannar, men desverre kom eine tispa ut død, og eg klarte ikkje å få liv i ho igjen. Men vi kosar oss no med dei 7 kvalpane som er her smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post107