Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

5 veker!

F-kullPosted by Linn Wed, November 16, 2011 20:43:05

Hjelp, berre 3 veker att til levering! Kvar vert tida av? Tenker nok tida går mykje fortare for meg, enn for dei som venter på å få hente seg kvalp! Det er ikkje bestemt kven som reiser kvar enda, men eine hannen reiser til Karmøy og den andre til Bergen. Med tispa er det ikkje bestemt enda om ho vert verande her, eller om ho vert Ålesunder..

Det er no absolutt meir liv i dei no når dei er vakne, men fortsatt er det mykje soving. Vi har utvida kvalpekassa med grinder som dei er i når vi ikkje er heime. Elles går dei mykje rundt på stova og kjøkkenet slik dei vil, sammen med dei vaksne hundane smiley.



Dei har også vore litt ute siste dagane, noko som er veldig spennande. Det er mykje som skal utforskast smiley.

-Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post104

F-kullet 3 veker gamle

F-kullPosted by Linn Wed, November 02, 2011 22:38:12

Kvalpane er no 3 veker gamle, og dei er meir på beina. Litt meir liv i dei, men framleis er det mat og soving som vert prioritert.

Luna styrer og steller med dei, og har meir enn nok mat til dei 3 rullepølsenesmiley.


Kvalpane var veldig trøtte då vi tok bilder, som tispa viser smiley. Tida går fort, og snart skal dei få smake på fast føde.

-Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post103

Trekløveret 2 veker gamle

F-kullPosted by Linn Wed, October 26, 2011 21:20:34
Då har kvalpane vorte to veker gamle, og eg ser utvikling for kvar dag som gårsmiley. Tispa ligger litt forran begge brødrene. Ho opna augene to dagar før, og ho "går" også meir stødig og fleire steg enn brødrene.


Kvalpane får mykje kos og oppmerksomheit frå oss, og om ei vekes tid opnar eg heimen til andre som vil komme å kose og snuse på godklumpane smiley.

Luna er fortsatt ei god mor. Ho mater, vasker og koser seg med kvalpane. Vi har no flytta kvalpekassa ned i stua, og Luna synes det er heilt ok. Eg ligg fortsatt sammen med kvalpane (på sofaen vel og merke smiley), synes det er greit å ha kontroll og passe litt på.

- Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post102

Trekløveret :)

F-kullPosted by Linn Thu, October 13, 2011 22:01:10

Alt går berre bra med trekløveret som ligger i kvalpekassa smiley. Luna har det også bra, og i skrivande stund snorkar ho ganske djupt. Tek på å vere småbarnsmor til trillingar smiley.


Luna hadde ein fin og egentlig enkel fødsel. Første kvalp vart fødd kl. 00.30. Det var tispa som var først ut. Ho hadde ei fin fødselsvekt med sine 630 gram, i dag er ho 760 gr. Kvalp nr. 2 og 3 var døde og kom etter at tispa var født. Neste kvalp var hanne 1, født kl. 01.50 og han vog 680 gram. I dag vog han 810 gram. Neste hannhund kom kl. 03.45, 620 gram, og i dag 780 gram. Siste kvalp vart fødd 05.00 og var diverre død. Alle kvalpane er fint tegna, og utan haleknekkar. Dei er berre herlege! smiley

Etter fødselen var over og eg hadde vore voken i 27 timar (!) måtte eg ein tur på jobb og Arnfinn var hundevakt for dei tre små og Luna. Eg jobba berre til lunsj, så overtok eg passet slik at Arnfinn også fikk nokre timar på jobb.

Luna ligg no på eige rom slik at ho og kvalpane får mest muleg ro i dei første vekene. Heldigvis har eg ei god seng ved sidan av kvalpekassa, så eg søv godt når eg søv smiley.

I mangel av eit godt kamera, blir det lite bilder. Har berre eit dårleg kompaktkamera, og er ikkje fornøgd med bilda, derfor vert det diverre ikkje mange bilder av kvalpane. Men skal høre om eg får låne min fars kamera som er langt bedre enn mitt, så det er muleg det plutseleg kjem ein heil del bilder! smiley

Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post101

Luna fikk tre kvalpar

F-kullPosted by Arnfinn Tue, October 11, 2011 09:40:15

I natt kom ei tispe og to hannar. Desverre vart det tre som ikkje var levande også, men no gledar vi oss over dei tre som er sterke og friske og veldig livligesmiley.

Luna ser ut til å være ei god mor sjølv om ho naturlig nok er litt trøytt etter natta.

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post100

Mens vi venter på F-kullet...

F-kullPosted by Linn Wed, October 05, 2011 21:55:25

No er det ca ei veke igjen til fødsel! smiley Tida går fort, og til helga skal vi sette opp kvalpekassa og lage klart til fødsel. Luna har vokse ca 20 cm frå veke 4 til veke 8, så blir spennande å sjå kor mange kvalpar ho bærer på smiley. Når eg koser med magen kjenner eg kvalpane bevege seg!

Luna og Randi har kosestundsmiley Luna er veldig kosen og elsker all kosen ho får.

Ikkje så lett å få fram magen på bilde, men her ser vi tydelig at det "buler" smiley

Det er over 2 år sidan vi hadde forrige kull i heimen, så vi gleder oss veldig til kull igjen!

Søndag var vi på bernertreff i Volda, og det er så gledelig at så mange møter oppsmiley. Vi var 10 på 4 bein og 20 på 2! Vi gjekk ein fin tur og rasta.

Frå venstre, Arild med Compis, Eli med Bacco, Liv Torill, Gudrun med Odin og Albin, Meg og Randi med Zuki og Linnsi, Anna med Nellie, Hege med Bamse, Monica med Luna og Ann Kristin med Nea.

- Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post99