Melkebartbloggen

Melkebartbloggen

Melkebarts blog

I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.

This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.

Snart 8 veker...

E-kullPosted by Linn Sun, June 07, 2009 22:47:14

Då er kvalpane snart 8 veker gamle, og onsdag skal kvalpane til veterinær for å få helseattest, vaksine og id-merking. Fredag reiser første kvalpen, den skal bu i Ørsta, berre 10-15 min her i frå, så reiser dei andre i tur og orden..

Sida sist har vi vore på NBSK si spesialutstilling på Frya. Vi tok med oss Zuki, Bella og kvalpane og var på Frya frå fredag 29. mai til mandag 1. juni. Det var nydelig vær heile helga, og kvalpane fikk vere ute heile dagen og få mykje inntrykk av lyder, andre hunder, vaksne og barn. Vi var ein gjeng med bobiler og campingvogner som sto sammen og vi hadde det utrulig koselig og kjekt saman, så vi har reservert plassen til neste år, og gler oss til neste pinse!

I dag har vi hatt mykje besøk heile dagen, og vi har kosa oss. Det er så koselig med alle som stikk innom for å helse på både oss og hundane.

Har tatt ein del bilder i dag, men det er jammen ikkje lett!smiley Det slår ikkje feil, når eg ser eit nydelig motiv av ein eller fleire av kvalpane, sett meg ned på huk for å ta bilde, så kjem dei i full fart for å kose. Då blir bilda der etter..

Eg starta dagen med ein deilig tur i skogen, og på slutten av turen fikk hundane bade i hovdevatnet, årets første svømmetur, deilig!

Nokre bilder:

Zuki og Bella i Hovdevatnetsmiley

Mira elsker å svømmesmiley

Nydelige Bella mi, herlig er hosmiley

Melkebaren er open sånn av og til.. Tispe 3 er mett og forsyntsmiley

Tispe1 slapper av i hagen smiley

Tispe 2 klarte utrulig nok å sitte stille så eg fikk eit bilde av hosmiley

Tispe 3 over og undersmiley

Tispe 4 tar ein pust i bakkensmiley, desverre vart bilde uklart..

Zuki tar kveldsvasken på tispe 4, flinke storesøstrasmiley

Det var det eg hadde for i dag, ha ei fin veke alle sammen smiley

Linn smiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post71

Utstilling i Ålesund og kvalpane 6 veker!

E-kullPosted by Linn Wed, May 27, 2009 22:40:47

Så var kvalpane 6 veker og no er det liv her! Har desverre ikkje klart å oppdatere E-kullsida, då eg ikkje får programmet til å virke, men får legge ut litt her medan eg ventar på at Arnfinn kan gi meg ei hjelpande hand .smiley

Mykje har skjedd sida sist og det starta med at eg fekk besøk av søstra mi, Siri, torsdag og ho hadde med seg 4 kvalpar og 4 voksne. Ho var på besøk hos oss til søndagen og vi hadde då 15 hundar i hus! Det gjekk veldig bra, 2 kvalpekull og 7 voksne hunder.
Laurdagen var vi i Ålesund på utstilling, då skulle Siri stille hundane sine, og det gjekk bra. Ho fikk BIR og BIR veteran.

Søndag var det Zuki som skulle stillast, og ho vart nr 2 i juniorklassa med ck og vart 3. beste tispe smiley

Førstkomande fredag tek vi med bernerane inkl. kvalpane og reiser til Frya der det er spesialutstilling for Berner. Vi gleder oss til årets første campingtur og å møte igjen gode vennersmiley.

Litt bilder av kvalpane og besøket:

-Linnsmiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post70

Så var vi 4 veker gamle!

E-kullPosted by Linn Wed, May 13, 2009 21:22:07

Tida flyg avgårde! Syns eg ser utvikling på kvalpane frå morgon til kveld.smiley Dei kjem med logrande halar når vi smatter og kaller på dei. Her har vore mykje besøk i det siste og det er kjempe kjektsmiley

I dag har det vore så fint veir at kvalpane har fått to korte lufteturar ut, tenker dei syns det var godt å komme ut med gras under potane, sol og frisk luft!

Nokre bilder sida sist:


Zuki er stolt storesøster, ho er så forsiktig og snill med dei, og det er så herlig å sjå kor ho steller og styrer med dei små. Tispe 4.
Anna, tispe3 og Pus-Løve som kosar seg i sola på terassasmileyTispe 3.Sånn har vi det på stua no. Etter kvart som kvalpane veks, blir den kvite kvalpekassa erstatta med berre grinder og dei får større område. I dag har eg hatt fri, så då har kvalpane for det meste gått lause der dei vil på stova og kjøkkenetsmiley.
Eg og Anna var ein tur i skogen med Zuki, Bella og Mira. Vi gjekk i 1 time, så vi la inn ein liten kvikklunsj-rast. Mor og datter, Bella og Zuki smiley

Ha ei fortsatt fin veke!

-Linn smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post68

3 veker

E-kullPosted by Linn Wed, May 06, 2009 23:40:54

Så har smånurka blitt 3 veker gamle, dei har fått ormekur og kloklipp. Dei får naturlegvis mykje oppmerksomheit av ungane som omtrent dagleg har vennebesøk og då vert det mykje kvalpekosingsmiley.
Dei er så herlige no når dei prøver å leike med kvarandre, prøver ut stemma si med bjeffing og knurring, og logrer på ustøe bein.smiley

Anna med tispe3 i fanget.

Her prøver vi oss på litt leiking smileyBella med sine herlige småsmiley

Eg seier som tispe2 seier her; God natt, flatsenga kaller (ja, eg søv hos kvalpane fortsatt...smiley).

Linnsmiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post67

2 dagar gamle

E-kullPosted by Linn Fri, April 17, 2009 21:52:55
Alt går berre bra med kvalpane. Bella har stor omsorg og ligg trufast i kassa og steller dei 4 småsmiley. Samtlige har auka i vekt. 


I går hadde vi besøk av dyrlege Anne Stine og ho fjerna ulveklørne. Kvalpane fikk bedøvelse før dei vart fjerna, og det gjekk kjempefint. 


Dette bildet er tatt akkurat no, ei snorkande Bella med sine kvalpar med mette mager. Hehe, det tek på å vere nybakt morsmiley.



Det vart mest bilder i dag, føler meg fortsatt litt tom i hovudet. Men det er no bedre enn ingenting vertfallsmiley.

Ha ei god helg, eg skal vertfall kose meg mykje med unger, hunder og kvalpar. 

I morga er Randi 9 år, GRATULERER med dagen vennen minsmiley

Linnsmiley

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post65

E-kullet er født :)

E-kullPosted by Linn Wed, April 15, 2009 19:36:44

Då er fødselen til Bella over og resultatet vart 4 herlige jenter smiley

Den første vart født kl 09.45, var 460 gr, ein sokk på høgre framfot. Nr 2 kom kl 10.30, var 510 gr, 2 sokker og litt overtegna i ansiktet. Nr 3 kom kl 12.50, var 580 gr med flotte tegningar. Til slutt kom lillesøstra på 390 gr kl 15.40, ho også med sokk på venstre framfot.

Bella er ei fantastisk herlig og omsorgsfull mor, ho fødte dei lett og enkelt utan komplikasjonar. No ligg ho vedsidan av meg og snorkar. Stakkars vennen min er sliten.

Dei første bilda ligg på E-kull sida, fleire vil komme etterkvart.. (må berre slappe av litt først..smiley)

Linn smiley

  • Comments(2)//blog.melkebart.com/#post64

Fødselen er i gang :)

E-kullPosted by Arnfinn Wed, April 15, 2009 14:17:21
Då er fødselen i gang og Bella har hittil fått tre tisper. Linn og Sølvi tek i mot dei slik tradisjonen er. Bella er ei flink mor og tek det heile fint. 
Bella ville ikkje ha kveldsmat i går kveld, og pesa litt i natt og var uroleg. på formiddagen i dag begynte kvalpane å kome, og hittil har altså tre tisper vorte fødde. Røntgenundersøking forrige veke viste fire kvalpar, så no venter Linn og Jordmor Sølvi på den siste kvalpen.
Alt er vel med mor og barn so longt.

Denne posten blir oppdatert utover dagen :)

Den fjerde kvalpen, ei tispe, er fødd.

  • Comments(1)//blog.melkebart.com/#post63

Bella har boller i ovnen!

E-kullPosted by Arnfinn Wed, March 11, 2009 10:43:04

Ei flott bursdagsgåve til Linn: Ultralydundersøkinga viser fleire kvalpar i magen til Bella!
Vi inbiller no oss at ho har vokse litt også, men det er nok litt tidlig å sei. Me gledar oss til et nytt melkebartkull.smiley

Bella er para med Nøklebyåsens Ulrich og kvalpar er venta rundt 18. april.

Ultrasound examination revealed several puppies in bellas woumb today! We look forward to another Melkebart litter sometime around april 18.smiley

  • Comments(0)//blog.melkebart.com/#post58