KvardagenPosted by Linn Sun, September 05, 2010 22:56:18Denne helga helga har det vore LP - AG stemne og kvalpeshow i Ørsta, arrangert av Ørsta og Volda hundeklubb. Eg har vore med å arrangere dette stemnet og for å rekke å gå lydigheit og jobbe som ringsekretær i kvalperingen satt eg oppmøtetid for lp-ringen ein halv time før kvalpebedømminga starta, og satsa på at eg fekk ordne det slik at eg fekk gå lydigheit før kvalperingen starta!
Eg starta dagen kl 0615 for å rigge opp stemnet og få alt i orden. Ringen min, altså kvalperingen, måtte vere heilt ferdig til kl 0900, for eg og Zuki skulle gå Lp kl 0930.
Phu, vi rakk alt vi skulle før tannvisning og fellesdekken starta, og vi var i gang
. På tannvisning fekk vi 10 poeng. På fellesdekken stakk nabohunden, men gode Zuki vart liggande og vi fekk 10 poeng der også
. Deretter var det lineføring og vi klarte å karre til oss 8,5 poeng der, fornøgd med den
. I fri ved fot sliter eg litt med at ho detter litt ut, og det skjedde her også, så som forventa vart det berre 7,5 poeng.. Vi fortsetter med dekk frå holdt, der var vi gode nok til 9 poeng, og i innkalling får vi 9,5!
Stå under marsj er for oss ein vanskelig øvelse, Zuki vil gjerne følge med og eg måtte legge inn ein dobbelkomando, så det vart 6,5 poeng.. Fritt hopp over hinder 8,5 poeng, og med heilheitsinntrykk på 9 fekk vi den nette sum 169,5 poeng
.
Eg vart temmelig overraska då eg plutselig hørte dei ropte etter meg på premieutdelinga, eg hadde vunne klasse 1! Fornøgd slapp eg det eg hadde i hendene og sprang og tok imot gratulasjoner og premier, for så å vende tilbake til "jobb".
Eg og Zuki klar til start!
Fri ved foten, sakte marsj ser det ut som...
Hehe, her held Zuki på å avslutte innkallinga, ho kjem i stor fart og skrenser inn på plass, og eg er fornøgd med poengutdelinga


Anna og Randi var også med på Barn og Hund. Randi med Mira og Anna med lånt hund, Tolleren Ronja. Kjempeflinke var dei begge to!
Stemnet gjekk så utruleg bra, og eg er så glad for at alle vi spurde om hjelp kunne stille! Uten dokke kunne vi ikkje gjennomført dette årligs stemnet vårt!
I dag har vi vore på ein flott fjelltur. Målet var Kjerringtinden som ligg 1130 meter over havet. Då vi nådde nesten 800 meter vart det litt for tøft for Anna, det var bratt og mykje klatring for små bein, så Anna, eg og Zuki snudde og gjekk ned igjen, medan Arnfinn og Randi fortsette saman med resten av turfølget vårt. Men vi hadde ein flott tur med nydelig utsikt sjølv om vi ikkje nådde toppen i dag.

Randi og Anna på veg opp til Kjerringa.
Videolink frå toppen

Zuki og Anna på veg ned igjen, Mosetra i bakgrunnen.
Forrige søndag var vi og reid Mini. Mini kjøpte eg som 3 årig hingst, men vart vallak samme dag som han kom til meg. Eg hadde Mini til 2001 etter å ha hatt han i 7 år. Godare og meir spesiell hest skal ein leite lenge etter. No er han 19 år gammal, men like god og sprek som eg kan huske han var då han var min.

Her er det Randi som tar seg ein tur på ridebana med han. Utrulig kjekt å låne han.
Linn 
KvardagenPosted by Linn Sun, August 08, 2010 23:11:45Vi er komen ut i august og sommarferien er snart over. Denne sommaren har vore innhaldsrik då vi er så heldige å få låne islandshesten Frodi, vi har vore på ferietur og Randi deltek på symjeleir og har vorte kjend med mange jamnaldringar frå Bergensområdet.
Vi starta ferieturen med å reise rett til Ørebro og Gustavsvik Camping der Hege, Hilmar, Marius og Marthe venta på oss
. I Sverige møtte vi endeleg sommaren som har vore totalt fråverande her på sunnmøre... Eg møtte vel sommaren litt for voldsomt og vart svært så solbrent
, sånn går det når kroppen ikkje har sett sol på aldri så lenge...
Randi, Elise og Magne, som vi også var på Gustavsvik saman med, deltok på Sirkusskulen som holdt til på campingplassen.
Sirkusskulen var mandag til fredag frå 10.00-12.00 og fredagskvelden var dei med i sirkusforestillinga og hadde oppvisning
. Kan tenke meg det var fleire foreldre enn berre meg som satt der med tårer i augene og klump i halsen! Så mykje ungane hadde lært berre på få timar og det å tørre å stå i manesjen med lyskaster på seg og vise fram kva dei hadde lært! Superstolt

Randi og Magne viser fram litt av kunstane dei har lært seg.

Anna med klovnenasa si
.
Etter ei veke i Sverige gjekk turen vidare til Nordkisa der søstera mi Siri bur. Det ligg berre ein halv time frå Gjerdrum så eg fekk med meg 2 fellesturer med deler av Gjerdrumgjengen. Kjempekoselige turer, sjølv om den første turen var ganske så våt!
Eit par bilder av solskinnsturen:

Rast på "toppen". Kjempekoselig tur, vi kjem igjen og blir med på tur neste sommar
.

Etter kvart kom også mine foreldre ned til Siri og vi var samla heile familien, noko som er ganske skjeldan vi får til. Anna vart igjen hos tante Siri då vi reiste heim og fikk vere igjen saman med besta og besten, stas det!
Det har vorte mange turar med hest og hund denne sommaren. Randi har no fått smaken på både trav og galopp så no får mor og hundane ekstra trim! Men kjekt er det, vi storkosar oss på turane våre.

Her er Frodi med Anna på ryggen, Randi, Luna, Akira, Bella og Zuki.
Vi har hatt sommarbesøk i ei vekes tid av Akira og Luna. 2 hunder til og frå merkast vel ikkje??
Tok med meg begge til veterinæren og røntga hofter og albuer. Begge fikk A hofter, Luna A albuer men Akira fikk D på albuer
. Heldigvis viser ho ikkje noko symptomer og er frisk og rask.

Frå venstre Bella, Luna, Zuki og Akira.

Heile gjengen min samla, Bella (Tiviniros Izabella), Luna (Tiviniros Poochyena), Zuki (Melkebarts Draum), Akira (Melkebarts Eventyr) og Mira (Willemos Lamira).
Etter vi kom heim frå ferietur har vi faktisk hatt ganske bra vær, og vi har fått gått fine turer. Her er bilder frå turen Randi og eg gjekk til Vardehornet og Dinglavatnet. Ein skikkelig herlig tur som startar frå huset vårt. Vi har så utrulig mange flotte turmuligheiter i nærområdet vårt!

Eg og bernergjengen på toppen. (Mira får ikkje vere med på slike turer, ho er over 11 år no og dårlig til beins...)

Veldig kjekt å ha med seg Randi på fjellet, ho er som ei fjellgeit! Her er ho sammen med Akira.
Det var ei lita oppsummering av sommaren her hos oss i kennel Melkebart.
- Linn 
KvardagenPosted by Linn Tue, June 22, 2010 23:35:39Skuleferien har starta og vi er godt ut i juni, men sommaren, kvar vert det av den? Den er ikkje her i vertfall..
Anna og spesielt Randi har gleda seg veldig til skuleferien for vi er så heldige å få låne Islandshesten Frodi no i sommar. I går var vår første tur med Frodi og vi gleder oss veldig til neste tur i morga!
Litt bilder frå gårsdagens tur:
Anna og Randi sammen med Frodi
Anna og Frodi.
Randi og Frodi.

Tusen takk til Mari for at vi får låne Frodi i sommar
I helga var eg, ungane og hundane på Valderøya/Vigra og besøkte besteforeldre, tante, onkel og søskenbarn. Ei utrulig koselig helg
Søndag vakna vi til nydeleg vær, sol men med kald vind.. Morgonturen med hundane gjekk ned til Moloen og i fjøra. Zuki hoppa opp på murkanten på moloen av seg sjølv og balanserte langs heile moloen! Så morsomt å sjå kor ho konsentrerte seg der ho balanserte bortover muren



Alle 3
I kveld har vi også hatt sommaravslutning i Hundeklubben, der vi laga til eit lite lydigheitsstemne. Det var lov å belønne mellom kvar øvelse og veldig uformelt. Men kjekt å få gå gjennom programmet på den måten også
Av 9 startande vart eg og Zuki nr 3, og eg er kjempefornøgd med Zuki i dag! Syns ho gjekk veldig bra, og var med i alle øvelsane.
Ha ei fin veke dokke der ute
-Linn
KvardagenPosted by Linn Mon, April 12, 2010 21:04:51Ørsta og Volda hundeklubb hadde denne helga invitert Ellinor Antonsen og John Ketil Rogneslien - www.totalhund.no til Ørsta/Volda for Lp-kurs. Og for ei helg det vart! Utrulig kjekt at dei ville komme tilbake til oss igjen (dei var her i fjor, men det var den helga det var utstilling i Førde, og eg prioriterte den... bombe.. hehe
)
Denne helga har vore utrulig lærerik og ikkje minst inspirerande! Har i dag vore å trent lydigheit og GUD så kjekt det er!!
Glømte sjølvsagt å ha med kamera, men Ingrid, Hildegunn og Sølvi tok bilder og eg fekk desse bilda av Ingrid, tusen takk Ingrid 
Her er vertfall Zuki klar for å jobbe!!
Litt søt da med uklipte ører! (Åj, sa ej ditta??
)
Søta 

Tusen takk til Ellinor og John Ketil for inspirerande og utrulig bra kurs, og takk til alle som var på gruppa mi - for ein herlig gjeng dokke e! Gleder meg til å reise saman med dokke til Bergen og Førde!!
Ha ei fin veke dokke der ute
.
- Linn
KvardagenPosted by Linn Fri, January 22, 2010 22:15:10Fekk dette herlige bildet av Caizer med ønske om god helg
Han har det bra godt den guten, der han har tatt helg i sofaen 

Vi har også fått eit nytt familiemedlem og Zuki er den einaste av dei andre 4-beinte som er nygerrig på rare Gulla
. Før hadde vi dverghamsteren Speedy som ikkje gjor anna enn å springe rundt i hjulet sitt, men for 2 veker sidan døde han av alderdom. Ny hamster skulle vi ha, og denne gongen var det gullhamsteren Gulla som fekk komme heim til oss
. Ho er veldig nygerrig på det som skjer rundt, og synes ikkje at Zuki er det minste skummel!



Zuki følger med Gulla på tur i tunellen sin..
Vi har elles ein del snø her i Volda og her er skikkelig vintervær. Har kunna brukt sparken på jobb i mange dager, og det er deilig å rase nedover bakkane på sparken
For nokre dagar sidan møtte eg på asfalten, og eg holdt på å stupe av, så no står den trygt heime og eg brukar føtene i staden
.
Turar i skog og mark er litt vanskelig med så mykje snø, men no har eg har trakka meg ei lita rås i skogen eg brukar å gå tur i. Randi er flink å bli med på kveldstur med hundane. Her er Randi og Mira på tur i gata vår.

Forrige helg var vi på Volda skisenter og sto på alpin. Randi er ein ræsar og det går fort nedover. Anna og eg er vel på samme nivå, så vi brukar litt lenger tid...
Randi syns det er veldig kjekt med vinter og snø.
Sunnmørsberner'n skal starte med bernertreff igjen og første treffet er søndag 31. januar kl 13.00. Oppmøte på Årneset i Volda. Håper mange vil vere med på bernertreff
Meir info kan du lese her.
Ha ei fin helg alle der ute
- Linn 
KvardagenPosted by Linn Fri, January 01, 2010 21:16:42Det har vore utrulig godt å ha juleferie i nesten 14 dagar denne jula. Vi har holdt på med oppussing i ca 10 veker og det tek på.. Vi har rivd ut golv og veggar, etterisolert, lagt nytt golv, smarpanel, tapetsert og mala vegger og tak. Det tar tid når ein gjer alt sjølv og jobbar 100% i tillegg... Blir lenge til neste oppussingsprosjekt kjenner eg..
Sidan sist har det også vore Dogs 4 All. Eg var i hallen laurdag og søndag og synes det var ei fin utstilling. Vi kom heldigvis frå rett veg så vi slapp å stå i kilometervis kø, men veit at fleire kom for seint eller i siste liten til å stille hunden sin. Elles synes eg det var litt dumt at ikkje alle salgsstandane stod samla, men litt spredd hit og dit.
På utstillinga vart Zuki plassert som nr 4 i ei stor junior konkurranseklasse, noko eg er veldig fornøgd med. Zuki var også med i avlsklassa til pappaen Otto, og i den store ringen gjekk avlsgruppa til topps og Otto vart BIS avlshund! Kjempekjekt!
Jula har vi i år feira heime, mamma og pappa kom ned til oss julafta og 1. juledag og me hadde ei koseleg feiring.
Her skal vi til på julemiddagen
. Julemiddag hos oss er svineribbe, fåreribbe og vigramør, deilig
.
Jentene saman med årets juletre, som forresten var mykje større når vi valgte det ut enn når det kom inn i stua...
1. juledag: her er besta (mamma) saman med Anna og Randi. Anna fikk Guinnes Recordbok til jul og det var populært
.
Nokre har etterlyst bilder etter oppussinga og her er kjøkkenet/spiseplassen.
Frå kjøkkenet mot stova.
Stova.
Tv-kroken.
God og varm peisovn på stova.
Dette er syngedamene mine, dei er eg veldig gla i. Det er keramiker Ingeborg Rørvik Lejon -Mekko- som har laga desse. Det er også ho som har laga fisken på bilde under. Den fekk eg med Arnfinn i julegåve og eg synes den er berre herleg!

I dag har vi hatt besøk av Luna, som har vorte 5 mnd. Tida går så fort!
Ho er ei herleg og roleg bernerjente, takk til Monica og Øyvind for at dokke er så flinke med ho
.
Årets julekort vart i år berre sendt elektronisk då bilde vart tatt lisje-julafta. Vi hadde det så hektisk med å bli ferdig med oppussinga at det vart ikkje priorietert.. Vi hadde Akira på julebesøk i nesten 14 dager og det var kos. Zuki og Akira fann virkelig tonen og kosa seg mykje i lag.
Zuki speidar etter jentene som er i ake - og skibakken rett bortom huset vårt. Vi har hatt eit nydeleg vær denne jula, og jenten har dagleg vore ute på ski og akebrett. Hundane storkosar seg i snøven.
Den bærbare maskina mi har takka for seg, så då må eg på den stasjonære maskina som står på gjesterommet/kjellarstova, så det blir nok lite oppdateringer framover til eg får meg ny bærbar..
Ha ei fin helg alle sammen!
-Linn
KvardagenPosted by Linn Sun, November 08, 2009 22:33:21Denne helga har alle mine 5 hundar vore samla heime
Ååå, som eg har kosa meg! Vi held fortsatt på å pusse opp, så vi har ikkje stue for tida, men 5 hunder og 4 personer på kjøkkenet går bra det!
Her er alle 5 samla til gruppebilde:
Frå venstre ser vi Mira (10,5 år), Akira (6,5mnd), Luna (15veker), Zuki (20mnd) og Bella (5 år). Akira bur til dagleg i Ørsta hos forvertane Monica og Rune, medan Luna bur med Monica og Øyvind på Vartdal.
Kvar onsdag har eg fri, og då er eg dagmamma for Luna og det er utrulig koselig
.
Akira, Bella, Luna og Zuki

Akira og Luna.
Go'jenta Zuki
Kristine brukar å gå turar med Mira, og her er ho og koser med gjengen etter endt tur
.

Akira og Luna i leik.


Seinare på dagen for eg og Akira på "playdate" med Enya - Herlige Enya av Hennumkroken. Kjekt for hundane å leike, og kjekt for meg og Linda å tyte
.
Enya og Akira.

- Linn
KvardagenPosted by Linn Wed, October 28, 2009 15:27:04Ei stund sida sist no, men er veldig lite på nett for tida. Vi held nemleg på å pusse opp stue og kjøkken så vi prøvar å jobbe i alle ledige stunder..
I skrivande stund ser stua slik ut... vi har rivd inn til stenderane og etterisolerer. Vi har fått malt taket, og skal ha på nye vegger (såklart) og nytt golv. Gleder meg veldig til vi er ferdig!
Tenker vi kombinerer Dogs4all på Lillestrøm med tur på IKEA, ja
.
Turar blir det også innimellom. Det har vore herlig haustvær i det siste, og det nytast med lange turer i skog og fjell, herlig!
Zuki, Bella og Mira på fjellet

Bella med Ørsta i bakgrunnen.
Mira, Zuki og Bella ved Dinglavatnet (drikkevasskjelda til Volda)
Laurdag var eg og Anna på ein flott tur til Røyshytta, den ligg ca 20 min frå Dinglavatnet. Veldig fin tur 
Elles så er Luna 14 veker i dag og har i den anledning tatt nokre bilder av ho. Randi er fotograf





Avslutter med dette fine bilde av Bella, Randi, Zuki og Ingrid. Laurdag skal vi til Nordfjordeid på svømmestemne, det vert Randi sitt første svømmestemne utanbygds, så det vert spennande!
Ha ei fortsatt fin veke!
-Linn
KvardagenPosted by Linn Wed, October 07, 2009 20:52:13I nokre dagar har Randi og Besten holdt til i garasja med byggeprosjekt. No er prosjektet ferdig og Kalle Kanin har fått flytta inn hos oss
Han er verdas nydlegaste kanin

Ei stolt Randi og ei like stolt Anna (i kjellarvinduet).
-Linn
KvardagenPosted by Linn Tue, October 06, 2009 22:44:13Tok eit bilde av Luna, Tiviniros Poocyena, på trening i dag.
Luna er no ein 11 veker, glad og livlig kvalp
Ha ei fin veke folkens
-Linn
KvardagenPosted by Linn Tue, September 29, 2009 23:26:49Vil ha opplett, sol, varmt og tørre hunder.. Ja, eg værsjuk.
Det regner konstant, våte hunder, våte kle, alt er vått og ekkelt.. Uff, jammen godt eg har føna/blåseren min, den er i bruk kvar dag no.. Laurdag for snart 2 veker sidan var her faktisk sol, varmt og eg hadde tørre hunder, som dokke kan sjå på bildet nedom. Herlig var det!
Men det føles uendelig lenge sida..
Zuki og Bella på tur til Dinglavatnet tidleg ein laurdagsmorgon

Bella og Zuki på Dinglavatnet sist søndag formiddag.. Slik har vi hatt det dei siste vekene... Regn og skodde, og i dag var det faktisk snø ned i fjella... 
Ikkje mykje sikt i skoddeheimen, men like fort som skodda kom, reiser den og sola prøver å bryte gjennom...
Ha ei fortsatt fin veke!
Linn 
KvardagenPosted by Linn Thu, August 27, 2009 23:08:29Ja, då kan ein vel seie at sommeren er på hell. Sommerferien er over og skulane har starta på igjen. Det er lenge sida eg har blogga, det vert lite tid til data'n når det er sommer og vi er mykje ute.
Det er hektiske dagar om dagen, vi skal legge nytt tak på huset så stilas skal settast opp. Asfalt skal snart kome på parkeringsplassen vår så ein del arbeid må gjerast der også.. I tillegg har Ørsta og Volda Hundeklubb kvalpeshow, lp og ag stemne neste helg og eg har mykje arbeid med påmeldingar, katalogskriving osv.. Men det er kjekt arbeid! Denne gangen skal eg prøve meg som ringsekretær i kvalperingen og det vert spennande. Berre litt kjedelig at eg ikkje kan stille Melkebarts Eventyr som bur i Ørsta hos forverter.
Her er Rune og Akira på hundetrening
.
Litt om sommaren :
I god tradisjon reiste vi til Gustavsvik Camping i Ørebro. Der venta familien Stokken og familien Moe. Vi var tilsaman 6 voksne, 6 barn og 3 hunder. Det vart felles frukost og middag i ei heil veke og vi storkosa oss. Dei to siste dagane kom også Hilmar og Marius, kjempekoselig
. Hege og Marthe var igjen heime og passa berner-kvalpa så dei kunne ikkje vere med. Gustavsvik Camping er ein campingplass som vi stortrivst på. Der er reint og fint, fine sanitærforhold og der er godt tilrettelagt for barn, voksne og ikkje minst hunder. Eigne luftegarder og hundedusj.
Det var ganske hektisk dagane før vi skulle reise på ferie og hundane trengte eit bad. Eg visste at der var hundedusj på campingen så eg bada hundane ein av dei første dagane vi var der. Føna hadde eg såklart med
.
Vi var på badeland og på leikeland, storfamilien på 12 storkosa seg
Dei 6 barna samla utanfor Lekland i Ørebro. Frå venstre Anna, Adrian, Magne, Emilie, Elise og Randi.
Veldig fine badebasseng og sklier på badelandet som ligger i/ved campingplassen. Ungane storkosa seg.

Ein morgon vi skulle spise frukost fann vi eit lite pinnsvin i forteltet til Adrian og Emilie. Det låg faktisk og sov i ein potetgullpose! Arnfinn og Anna tok det med ut i fri.
Etter 8 dagar i Sverige satte vi nasa mot Norge og til Nordkisa (ved Gardermoen)der Siri og Even bor. Der var vi i 6 døgn. Vi hadde oss ein tur til Oslo der vi var på Operataket, på Zoologisk museum og på Oslo Reptilpark.
Anna og Randi saman med Dino.
Her er dei saman med Ida.
Då vi skulle til Oslo Reptilpark tok vi trikken. Det var faktisk første gong Anna og Randi tok trikk, så spennande!
På Oslo Reptilpark var der mykje å sjå på, som denne krokodilla. Der var slangar, froskar, edderkoppar, iguana, firfirsler osv.
Denne blå frosken var litt kul!

Etter 6 dagar hos Siri og Even reiste vi heim. Vi har hatt ein veldig koselig og kjekk ferietur og gleder oss til neste år
.
Ei trøtt Zuki på bildet over og Bella under.

Etter vi kom heim frå ferie har vi vore på fine turar som til Helgehornet og til Dinglavatnet.
Zuki, Anna, Randi og Bella på Helgehornet med Ørsta i bakgrunnen. Flinke jenter på tur!
Litt rast på toppen før turen ned igjen.
Bella og Zuki på Helgehornet.
Eg har fleire gongar vore på Dinglavatnet. Dit kan eg gå i frå huset vårt og eg brukar ca ein time opp. Fjellet bak er Melshornet og det er eit fint fjell å gå på.
Her i huset har vi no to skulejenter! Så fort tida går! Anna har begynt i 1. klasse og Randi i 4. klasse. Her er dei første skuledag.
Det var det eg hadde for denne gong, og takk til dokke som sender bilder av Melkebartkvalpar, eg sett utrulig stor pris på det!
Linn 
KvardagenPosted by Linn Mon, June 29, 2009 23:55:04Medan dei fleste andre reiste til Trondheim på utstilling, reiste vi på hytta vår i Austefjord. Pga total mangel av pels, valgte eg å droppe Trondheimsturen, så får vi heller satse på å delta der neste år
Gratulerer med flotte resultat alle sammen, ingen nevnt ingen glemt
.
Fredag reiste vi som sagt på hytta i nydelig veir. Vi kom inn på hytta på kvelden og vi kosa oss med reker, ludo, kos, båttur og vi prøvde også fiskelykka, og lykkast
.
Laurdag kom Monica, Elise og Magne på besøk og dei overnatta til søndagen. Vi kosa oss med nydelig mat og drikke og ungane fikk seg tur på sjøen både med færingen og med jolla, bading vart det også
.
Nokre bilder frå hytteturen:
Arnfinn og Randi var på båttur seint fredagskveld, dei hadde ein flott tur og fisk fikk dei også
.
Anna nyter varme sommerdager ved sjøen.
Elise, Arnfinn, Magne, Anna og Randi på tur med færingen.
Randi og Elise ute med jolla, kjekt med ein liten båt som ein klarer å ro sjølv!
Anna og Magne prøvde å fange fisk med håv, ikkje enkelt..
Men Arnfinn derimot brukte stang, og då vart det fisk å få! Men fisken slapp ut i sjøen igjen, den var i minste laget
Hundane storkosar seg på hytta.
Zuki sitt som ei dronning på båttur, trur faktisk ho nyter det!
Zuki prøvar å etterligne ei flaggermus...
Laurdagsmorgon, sol, varmt og blikkstille sjø, kan ikkje bli bedre
I dag var Melkebarts Eventyr - Akira, på besøk hos oss. For ei herlig jente! Logrer heile tida, så på ståbildet har ho ikkje hale, den gjekk som ei trommestikke..
Akira snart 11 veker gammal. 
I kveld var det skikkelig lyn og torden her i Volda. Arnfinn er fascinert av det, spring rundt og tek bilder, medan eg går og gøymer meg inne i huset og håper det heile snart er over.. Liker det ikkje nei.. Men han fikk nokre gode bilder.

Håper det er lenge til neste gong det er lyn på desse kantar...
Det var det eg hadde for denne gang, ha ei fin veke!
Linn 
KvardagenPosted by Linn Mon, June 22, 2009 23:02:57Laurdag reiste siste kvalpen og den normale kvardagen er tilbake. Vi har hatt ei utrulig kjekk og fin tid med dei herlige kvalpane. Eg har ein god magefølese på at alle kvalpane får fine, trygge og gode heimar
.
Vi beholdt ei tispe på fôr og ho bur saman med Rune og Monica m.fam i Ørsta, der bur også Pia som er ei herleg Rottweilertispe.
Til dagleg Akira, på stamtavla Melkebarts Eventyr:

I dag har vi vore på tur saman med Ørsta og Volda hundeklubb og det var veldig koselig. Vi var 12 på to bein og 10 på fire bein. Etter turen var vi innom og helste på Akira og ho er berre herlig
.
Nokre bilder frå turen:


Gla-jentene mine Bella og Zuki (eg har ikkje fortalt Zuki om resultatet på aa'en så ho er like blid og gla
)
Ha ei fin veke!
Linn 