TurarPosted by Linn Thu, April 01, 2010 20:58:15Påskeferien har starta og vi har det heilt topp! Tirsdag fylde vi bilen med hunder, ski og sykler og kjørte til Hege, Hilmar, Marius og Marthe på Hjelset. Her har vi påskeferien i år
. Onsdag vakna vi til sol/overskya og vi bestemte oss for at vi skulle gå skitur. Turen gjekk til Rypå og dit er det eit godt stykke å gå. Ungane var kjempeflinke som gjekk ein så lang tur!

Anna på veg til Rypå, så flink jente
.
Vi rasta då vi kom fram og kosa oss med kakao og god mat.
Mor sjølv slapper av med sjokobolle 
På kvelden grilla vi pølser i Hilmar si nyinnkjøpte bålpanne. Faktisk nydelig godt med pølse og brød når ein får grille det på gamlemåten!
Tone og Terje kom også og grilla = koselig
Vi satt ute til seint på kveld, godt å varmt ved bålpanna.
I dag, torsdag, tok vi turen til Bud. Eg har aldri vore på Bud og hadde lyst å oppleve Kyststien og naturen rundt Bud, ein nydelig plass!
Rasting ved Kyststien og ute ved havet.
Anna og Randi på Bud.
Vi kjørte om Farstadstranda tilbake til Hjelset, der fikk nuffekvalpane til Hege lufte seg litt og møte havet.

Firerbanden - en herlig gjeng

Anna på tur 


Ungane fann litt av kvart på stranda.
Marthe.
Gode gamle Mira.
Mira nyter å ha møtt våre ute ved havet.
No har Hilmar laga sin berømte gode pizza som eg har masa om sida eg kom inn døra her... så då får eg avslutte denne bloggen før dei andre eter opp pizzaen.
Ha ei fortsatt fin påske!
Linn 
TurarPosted by Linn Sun, February 21, 2010 19:50:58Då er det alt gått tre veker sidan sist vi hadde bernertreff. I dag møttast vi på Valset i Bondalen hos Jan Rune og Gudrun. Der hadde vi det heilt supert! Jan Rune hadde moka gamlevegen og den hadde vi heilt for oss sjølve
Jan Rune hadde også laga akebakke til ungane, kjempegreier! I tillegg hadde Jan Rune og Gudrun laga til flott grillplass med sitteplasser, og etter dei tilbakemeldingane eg har fått i dag så tyder det på at vi kjem tilbake dit på treff ja!
Fellesbildet.. ikkje det beste, men etter dette bildet så ville ikkje kameraet meir, det var kaldt og batteriet vart fort flatt... manglar Akira m. fam, dei måtte heim før fellesbildet vart tatt. Flott oppmøte i dag også, 11 bernera, 1 golden og 1 puddel!





Vegen Jan Rune hadde moka var flott å bruke både til skigåing, turgåing og bruke akebrett.
Maria og Randi var spreke og gjekk på ski.





Mira som einaste blonde på treffet...
Tusen takk Lisa for mange flotte bilder!
Neste treff er 21. mars, då på Hovdevatnet i Hovdebygda kl 1300. Vi må då sette opp kvar vi skal gå tur dei neste gongane.
Her er fortsatt mykje snø hos oss, og laurdag var Randi på leikehytta og moka av taket, flinke jenta
Onsdag var eg ein nydelig tur med Bella, Luna og Zuki. Ein kjekk gjeng
Haha, Arnfinn og Mira har hatt det morsomt her ein dag..mira med Afrosveis!

Ha ei fin veke folkens!
-Linn 
TurarPosted by Linn Sun, January 31, 2010 16:11:10Vi har vorte så mange bernerar i området her at vi bestemte oss for å møtes og ha treff.
I dag var første treffet og det var kjekt å sjå at så mange kom sjølv om rykta seier at gradestokken viste - 17 kuldegrader der vi holdt til....
Det kom folk frå Ørsta, Volda, Ulstein, Leikong, Oppstryn og Ålfoten! Kjempe bra!
Vi laga bål, grilla pølser og kosa oss. Vart litt kaldt for dei minste etter kvart, så etter eit par timar avslutta vi treffet. Vi har sett ny dato for neste treff og det er søndag 28. februar. Vi møtast då hos Jan Rune i Bondalen og går tur der. Håper like mange møtes då! Eg har forresten bestillt sol då også 
Litt bilder frå treffet:
Gjengen samla
: Frå venstre Frå ulsteinvik med Lea, Lisa med Bella, Jan Rune med Odin og Aslak, Turid med Bea, Linn med Mira, Zuki og Bella, Linda med Enya, Eli med Baccus og Monica med Buster.





Datoar for treff våren 2010 vert lagt ut på NBSK sunnmøre sine sider straks.
-Linn
TurarPosted by Linn Sat, April 11, 2009 22:42:38I dag tok vi oss ein tur til Fjellsetra i Sykkylven der Lidvor og Svein (tanta og onkelen til Arnfinn) har hytte. Der var også Monica (søskenbarn til Arnfinn) med si familie. Vi var tilsaman 6 vaksne, 5 barn og 3 hundar. Vi storkosa oss på fjellet med god grillmat, kake, snop og ikkje minst leiting etter påskeegg og dermed meir snop.. Ungane fekk også tid til litt skigåing.

Her er Anna og Anna Marie to kjekke tremenningar saman med Bella. I bakgrunnen er det bålbrenning og snart middag
(Anna er Monica si jente, Anna Marie er vår si..)

Gutta i røyken
. Arnfinn og onkel Svein var grillmesterar. Nydeleg god mat
.
Her er spiser vi maten på terassa i nydelig solskin, herlig!

Monica saman med Zuki og Bella, tre kjekke jenter
.
Petter og Mira fann etter kvart saman, og Mira følgde tolmodig etter Petter, gode, gamle Mira
.
Mira, Maria, Randi og Zuki. Hundane fikk mykje oppmerksomheit frå ungane. Maria elsker hunder og er ein flink hundepassar!
He he.. Anna Marie fikk låne telefonen min for å ta litt bilder, også har ho tatt dette herlige bildet av seg sjølv, hehe.
Anna Marie tok også bilder av meg og Lidvor ved hytteveggen.
Zuki foran og Bella bak.
Herlige Zuki-jenta mi
.
Jentegjengen samla: Anna Marie, Bella, Mira, Anna, Maria, Randi og Zuki.
Anna Marie og Randi på ferja vi må ta for å komme oss til Fjellsetra. Her ser vi inn i Hjørundfjorden.
Vi avslutta kvelden med heimelaga pizza hos våre gode venner Inger-Lise og Børulf m. fam.
Tusen takk alle saman for ein utrulig koselig dag
.
Linn 
TurarPosted by Arnfinn Mon, February 09, 2009 14:10:13
Randi og eg er heime aleine no når Anna og Linn er på tur. Laurdag var vi på isen på Hovdevatnet og der var det så fint at eg måtte legge ut bilder her.

-Arnfinn
TurarPosted by Linn Mon, October 06, 2008 23:21:37Fredag morgen reiste eg, Akila, Zuki, Kirsti, Dexter (Dverg Schnauzer), Renate og Heike (Eurasier) til austlandet. Målet var NKK Kongsvinger og vi skulle overnatte hos Siri, søstra mi, som bur på Nordkisa ved Gardermoen. Det var ein koselig tur med godt selskap, og dei 9 timane i bil merkast nesten ikkje når 3 damer sitt og skravler heile vegen 
Søndag stillte eg Akila i åpen klasse og vi fikk rødsløyfa og vi var fornøgd med det. Om berre 1 månad vert Akila 8 år og stiller då i veteranklassa. Eg fikk fleire kommentarer på at ho virkelig held seg godt for alderen, så tenker ho skal få vise seg litt fram i veteranklassa i tida framover
Turen heim gjekk fint og på Strynefjellet møtte vi ein vegg av snø.. Ikkje lett å sjå vegen då det snøva så tett, så då var vi veldig glade for at Arnfinn hadde lagt om til vinterdekk fredagsmorgen før avreise. 
I dag har eg tatt meg fri frå jobb då både barnehagen er stengt og haustferien har starta. Her er ikkje det finaste veiret, men det er berre å kle på seg og komme seg ut på tur! Eg og jentene rusla oss ein fin tur i skogen med hundane og kosa oss med kakao då vi kom heim
Eg har desverre ikkje bilder frå helga, men tok eit bilde i skogen i dag:

Eg har også fått bilder av 5-åringen Adidas og av Florøjenta Chevy. Takker for flotte bilder og tilbakemeldinger, koselig!
-Linn
TurarPosted by Linn Sun, August 10, 2008 14:53:40Siste dagane av ferien har eg brukt til maling og turgåing. Eg har hatt fine turar i nærområde her i Volda som Melshornet, Steinhusa og i dag gjekk eg og Randi frå Ørsta til Volda. Arnfinn og Anna satt oss av i Ørsta ved skogkanten i Rystefeltet så gjekk vi opp til Osdalsetra og vidare til Dinglavatnet. Turen tok 2 timar og var enkel og fin å gå, så denne turen går vi nok fleire gongar.

Randi ved Dinglavatnet saman med Akila og Bella.
-Linn 
TurarPosted by Linn Tue, August 05, 2008 21:27:46Turen i dag gjekk til Melshornet i deilig turveir, overskya og litt yr innimellom. Med på turen var Arnfinn, Linn, Randi, Ingrid, Akila, Bella og Kero. For Zuki og gamle Mira er denne turen for lang, så dei fikk vere igjen heime.
Litt bilder frå turen:
Drikkepause på veg opp.
Akila og Bella. 
Bella, Linn, Akila, Randi, Ingrid og Kero på toppen av Melshornet. Vi kan sjå Ørsta i bakgrunnen.
TurarPosted by Linn Wed, July 30, 2008 23:39:27Turen i dag gjekk til Sæbønestua. Det var ein flott, men bratt tur! Vi brukte omlag 3 timar på oppturen, og det var absolutt verdt det! Må seie at eg er svært imponert over Anna og Randi som var veldig flinke på turen! Vi hadde 2 rastepauser på veg opp, for fylling av drivstoff.
Vel på toppen var det egentlig berre å snu nedigjen, for då vi endeleg kom dit så starta det og tore og lyne litt sør for oss og vi hadde ikkje særlig lyst til å vere der dersom det drog i vår retning..
Med på turen var berre Akila og Bella. Mira og Zuki passa heimen
Tusen takk til Turid og Bea som lufta Zuki og Mira mens vi var på tur
Under turen måtte vi også sjå etter flått som det var mange av der
Hundane har flåtthalsbånd som funker fint, men vi på to bein har ikkje sånt. Verst var det med Randi for vi plukka vel av ho 20-25 stk til slutt..
Etter turen var det middag hos bestefaren til Arnfinn på Sæbø. Utruleg godt med skikkelig mat etter ein lang fjelltur.
Litt bilder tok vi på denne turen også, ikkje alle er av like god kvalitet då nokre er tatt med mobilkamera..







Turgjengen på Sæbønestua: Linn med Bella og Akila, Arnfinn, Anna, Ann-Marit og Randi.

TurarPosted by Linn Thu, June 12, 2008 22:03:12Off kor vått det er ute no
Kan ikkje akkurat sei at det fristar å gå tur, men, men.
Denne veka har vi fått med oss tirsdagstrening og agilitytrening. Zuki lærer utrulig fort, og det er kjempegøy å trene med ho. På agilitybana får ho prøve det meste, bortsett frå hopp. Ho syns det var så gøy å gå tunnel at ho sprang den mange gongar sjølv, rundt og rundt
Mønet var heller ikkje noke farlig og ho tar utfordringane på strak arm
Elles så er det lite nytt. Zuki er framleis med meg på jobb, noko eg syns fungerar veldig bra. På jobben har ho også selskap av Rapp, som er ein Lundehund, og Zuki har allereide vokse over han...
Litt bilder frå dagens tur:

Zuki på sin første tur til Digernesnakken. På bildet over ser ein Ørsta i bagrunnen. Turen til Digernesnakken er perfekt for små bernerlabbar. Turen er ikkje lang og underlaget er godt å gå på. 
Akila og Bella fikk eigen tur i dag. Vi gjekk også til Digernesnakken, men forstatte enda lenger. Greit å dele hundane når ein har ein liten kvalp å ta hensyn til 
Etter turen måtte det fønast!! Hundane var ikkje berre klissvåte, men også gjørmete.. Kva gjorde eg før utan blåsaren?? Akila poserer under, ei herlig jente på 7,5 år! Men fortsatt like frisk og sprek!
-Linn
TurarPosted by Linn Sat, May 17, 2008 22:35:08Gratulerer med dagen!
I Volda har vi som de ser hatt eit utrulig fint vêr i dag. Vi vakna til sol og blå himmel, dagen var redda! Først gikk vi i barnetoget. Etter ei lita pause med litt mat og is, så var vi klar for folketoget. Der gikk vi heile gjengen under Ørsta og Volda Hundeklubb. Det var godt oppmøte med omtrent 20 hunder, supert folkens! Akila var trekkhund og drog Anna og Zuki heile vegen. Akila elsker å jobbe, så ho er fast innslag i toget med vogn
Zuki tok det heile med ro, og det var rett før ho sovna i fanget til Anna.
Anna og Zuki i vogna, Randi har kontroll på Akila
Anna og Zuki var reine magneten i toget i dag, mange tok bilder og kommenterte den fine kvalpen og den vesle jenta i vogna
Litt bilder måtte vi ta i dag av oss som bar bunad. Linn og mora har Vigrabunad, Randi har Sunnmørsbunad, Anna har festdrakt. Zuki ville også vere med på bilde
Ørsta og Volda Hundeklubb, samla til bildetaking etter toget.
Zuki og Randi er trøtte etter ein lang dag med mykje inntrykk.
I pinsa var vi på tur til Frya og NBSK sin store rasespesial. Vi stilte ingen av hundane våra, men måtte ha med spesialen når den vart lagt til Frya. Frya var ein utruleg fin plass å ha utstilling på, kort avstand til ringen frå campingvogna, fin skygge for dei som ville ha det, og skygge i mesteparten av ringen! Vi stortrivst på Frya og håper inderlig at det blir fleire spesialer på Frya
Gratulerer så mykje til Rebekka og Terje som fikk det siste og store Certet på Trulte! Så herlig! Gratulerer også til Elin og Torill med ny Lee Armand Champion!
No har også kvalpane reist til sine nye heimar. Vi er veldig fornøgde med dei nye kvalpekjøparane og får oppdateringer om at alt går bra, og det gleder oss veldig å høre! På veg heim frå Frya var vi innom Darwin (Melkebarts Draupner) og familien hans som bur på stryn. Darwin fikk møte igjen to av søstrene sine, dei leika og kosa seg!
Vennegjengen på Frya: Marius, Randi, Anna og Marthe! Kjekke ungar med godt humør
Frya var utrulig barnevennleg, fritt og fint, og syklane vart mykje brukt! Ungane kunne gå til og frå utstillingsringen som dei ville, og det letta veldig mykje for oss foreldre som vil følge med på kva som skjer i ringen.
-Linn-
TurarPosted by Linn Thu, May 01, 2008 21:39:44I dag har det vore varmt og fint vêr. Vi har holdt oss heime i dag og kvalpane har vore ute store delar av dagen. I går var dei til veterinær og fikk id-merking, vaksine og helseattest, og alt var fint. Kvalpane har fått prøvd seg litt på å gå i band ute på fortauet og der fikk dei møte bilar, syklar og mennesker. Det var litt protester på bandet, men med litt lokking og luring så gikk det bra
No er eg nettopp komen inn frå tur i skogen med storehundane. Alle er trøtte av dagen, så kvalpar og vaksne hundar ligg rett ut!
Her er nokre bilder frå turen (tatt med mobil..)
Bella, Mira og Akila med Årsetøya i bakgrunnen. 

Hannen seier godnatt