UtstillingPosted by Linn Sun, May 23, 2010 19:53:28Torsdag pakka me vogn og bil og reiste til Frya for å delta på Norsk Berner Sennenhundklubb sin hovudspesial. Her kjem ei lita oppsummering av helgas begivenheiter
. Fredag var det nydeleg vær og vi berre kosa oss i sola med god mat og drikke.
Forrige laurdag heiv eg meg rundt og meldte meg på lydigheit klasse 1, så fredagen gjekk vel egentleg også med til å grue seg til å debutere i lp-ringen... Kl 9 laurdag var tida inne og vi starta med tannvisning og fellesdekk, det endte med 10 og 9,5. Lydigheitsdebuten enda med 152,5 poeng og 8 i heilheitsinntrykk
. 
Eg og Zuki, full fokus
Er kjempefornøgd med både Zuki og min prestasjon i lp-ringen. Dette gav meirsmak og eg vart veldig motivert til vidare trening, dette skal vi gjere fleire gongar. Vi endte til slutt på ein 4. plass av totalt 20 deltakarar
.
Søndag skulle Zuki og Luna i eksteriørringen, Luna i juniorklassa der ho endte som nr 3 med ck av 13 stk, og Zuki vart nr 4 i open klasse med ck av totalt 26 stk. Kjempebra av bernerjentene mine
.

Luna nr 3 med ck.

Zuki nr 4 med ck.
Zuki var også med i pappa Otto si avlsgruppe og han vart nr 1 med hp.

No er det kveld og vi skal berre kose oss, og så pakker vi saman og reiser heim i morgatidleg. Dette har vore ei kjempehelg og vi har storkosa oss på en super treffplass med gode vener!
- Linn 
UtstillingPosted by Linn Mon, April 26, 2010 21:40:10Jah.. då var det tid for litt blogging igjen
. Sidan sist har det vore både Nkk i Bergen og utstilling i Førde.
Fekk berre med meg NKK-utstillinga i Bergen då Randi fyllte 10 år søndagen og eg såklart ville vere heime og feire ho
. Men iom at Zuki har to småcert frå før, så var det berre Nkk-certet eg var ute etter... så det passa bra at eg både fekk med meg nkk-utstillinga og 10-års feiringa
.
Vi var 6 damer og 6 hunder som reiste sammen frå Volda/Ørsta og vi hadde ein veldig trivelig tur!
Zuki plasserte seg som nr. 2 med CK i ei stor open tispeklasse, så er veldig fornøgd med det
.
Helga etter var det å sette seg i bilen igjen og komme seg til Førde. 3 damer og 4 hunder på tur i gode gamle Caravella
.
Då me kom til campingplassen og opna hytta me hadde leigt velta ei grusom hannhundpiss-stank mot oss
etter å ha snakka med folka i nabohytta så fekk vi høre at dama som hadde hytta natta før oss lot hundane gå og markere rundt i hytta!
Eg vert heilt sjokkert! Tenk som ho ødelegger for oss andre med hund! Vi fekk tildelt ny og større hytte og takkar for kjempeflott service på Førde gjestehus og camping!
Søndagen var det utstilling og eg skulle stille Luna, Zuki og Darwin (bror til Zuki). Chevy, søster til Zuki vart også stillt
. Først inn var Darwin som vant open klasse men fekk ikkje CK pga at dommer synes han var for stor.. Nestemann inn var Luna, vant juniorklassa med ck, så var det Chevy og Zuki sin tur.. Zuki vann open klasse og Chevy nr 3, begge uten ck også pga størrelsen... Så lisje Luna på 9 mnd og 3 dager tok certet og vart BIR! Herlig
. Ho vart ikkje plassert vidare i gruppefinalen.
Tiviniro's Poochyena:

Tusen takk til alle som hjalp meg rundt ringen! Ka ej skulle gjort uten dokke!? Og tusen takk til Monika som tok bildene av Luna
Kameraet mitt er for tida til reparasjon så eg har ingen fleire bilder verken frå Bergen eller Førde.
Møtte også Kaisa frå E-kullet i Førde, ei herlig frøken! Gleder meg til å møte dokke igjen neste år i Førde!
Det var det eg hadde for denne gong!
Ha ei fin veke dokke der ute..
-Linn
UtstillingPosted by Linn Mon, March 23, 2009 20:34:15Fredag kl 14.00 starta eg og Sølvi turen til Bergen. Bergen er for oss den nærmaste NKK-utstillinga, det er ca 30 mil, 3 ferjer, og tar rundt 5,5 timar å kome seg dit.
Laurdag arrangerte Norsk Newfoundlandshundklubb utstilling for Nuffe og Berner. I juniorklassa til Zuki var det 9 påmelde tisper og 8 møtte opp. Zuki vart der plassert som nr 1 med CK.
Trur eg smilte frå øyre til øyre, og det gjer eg vel forresten enda
. I beste tispeklasse var ho med heilt til der var 5 igjen, men som kjent så vert berre 4 sett opp så ho glapp akkurat plassering i BTK, men eg er kjempefornøgd med debuten til Zuki.
Søndag var det NKK og 11 tisper i juniorklassa. I denne klassa fekk 6 blått, medan 5 stod igjen med rødt. Zuki var den siste som ikkje vart plassert i konkurranseklassa.
Takk for ei trivelig helg alle sammen. Vi kosa oss rundt ringen.
Sølvi er så kjekk at ho tok bilder av meg og Zuki på laurdagen, og her er eit par av dei:


Zuki som nr 1 i juniorklassa med CK.
-Linn 
UtstillingPosted by Linn Sun, September 07, 2008 22:53:56Denne helga har eg vore på utstilling Ørsta og i Ålesund og det vart ei kjempehelg!
Først ut var kvalpeshow i Ørsta, tenk å kunne reise på kvalpeshow og berre køyre 10 minutt!
Der satt dommar Barbro Myrseth Gjerde opp Zuki som Bir og Darwin (Melkebarts Draupner) vart Bim. Vidare vart Zuki plassert som BIG 3, medan Hege og Lotta plasserte seg som BIG 1. Gratuler til Hege som vidare plasserte seg som BIS 4 og til Sølvi og Sine som vart plassert som BIS-kvalp! 
Sjølv om eg på morgonen satt i sekretariatet og resten av dagen var alt-mulig-dame, fikk eg snakka med mange kjentfolk og kosa meg!
Søndagsmorgen satt eg nasa mot Ålesund og Sunnmøre Hundeklubb. Dommar i dag var Ian Colin Denton og han satt opp Zuki som Bir og Darwin som Bim. Zuki plasserte seg vidare som BIG 1 og vart liksågodt BEST IN SHOW!! Jippi!
Sølvi og Sine var like bak og plasserte seg som BIS 3, ei kjempe helg! Bilder kan de sjå under nyheiter.
Det har vore lite blogging med meg i det siste, dagane har gått i ett med førebuing og katalogskriving til stevnet til Ørsta og Volda Hundeklubb. Vi arrangerte både, kvalpeshow, agility og lydigheit.
Eg har også trent ein del Lp med Akila siste tida, for eg tok motet til meg og endelig meldte meg på Lp klasse1.. Men så klart fikk Akila løpetid ei veke før stevnet, så eg måtte trekke ho.
Etter reglane så får ikkje tisper med løpetid lov å starte i Lp klasse 1. Utrulig surt når eg endeleg hadde bestemt meg og faktisk gledde meg til å debutere.. Men, men treninga vi hadde i tida før stevnet skader no ikkje...
Darwin har vore hos oss i helga og det har vore koselig å ha han på besøk
Nokre bilder 
Zuki og Darwin kosar seg i hagen.
Jentene på tur, frå venstre: Bella, Akila og Zuki.
Godjenta mi, Akila
UtstillingPosted by Linn Tue, August 05, 2008 21:21:17Denne helga gjekk til Moelv og spesialutstilling. Vi kom fram til Sveastranda camping fredagskvelden, og der var allereide Terje og Tone. Etterkvart kom også Hege, Hilmar, Marius og Marthe, og seinare kom også Siri. Vi kosa oss med grilling inn i dei seine nattetimar.
Laurdag starta dagen med flott utstillingsveir passe varmt og overskya, men seinare på dagen opna himmelen seg og det pøsa ned! Det var ikkje berre på utstillinga det var vått, på campingplassen var det om mulig enda våtare...
Ei stund etter vi kom til campingen vart veiret bedre, og vi bestemte oss for å vere der natta over. Alt ute var no vått likevel..
Zuki gjorde det veldig bra på kvalpeshow, nr 1 i 4-6 mnd og til slutt 2. beste tispe.
Zuki vert bedømt av dommar Frode Jevne.
Utrulig godt å ha eit telt å sitte i når det er sånt veir... Utstillinga vart stoppa ei stund på det verste.
Sånn såg det ut på campingen då arnfinn kom tilbake frå utstillinga. Det einaste som faktisk var tørt på bakken var teltet som Siri overnatta i. Det tørka heldigvis opp nokså fort.
Marthe og Anna brydde seg ikkje om regnet, dei syns derimot det var veldig kjekt i søylepyttane.
Gjengen i trøbåt på mjøsa. Bading måtte til etterpå:)
Her er eit bilde eg fikk av Tone frå utstillinga på vestnes i juli. Sjekk i venstre hjørne. Ein stykk 4 mnd gamal berner på veg ut av grindene! Plutselig var Zuki ute av grinda og ingen såg korleis ho kom seg ut, men Tone tok bilde i rette øyeblikk
UtstillingPosted by Linn Mon, April 28, 2008 23:41:07Laurdag til søndag var vi ein tur til Førde. Søndag var der utstilling, så vi tok oss ein tur med campingvogna
Turen gikk kjempefint og kvalpane slo seg raskt til ro både i forteltet og i vogna! På ettermiddag/kvelden låg dei i forteltet og hønemora sjølv hengde opp varmelampe til dei
Om natta låg dei i eit stort bur i vogna, og dei sov frå kl 23.30 til 06.30! Men då var det uansett på tide å stå opp, vi skulle jo på utstilling!
Eg hadde ikkje meldt på noken av mine eigne, men stilde Constanze. Det vart ei blå, pga lite pels. Koselig å møte igjen Iris og Frank. Iris gikk lydigheit med Sonny, gleder meg til å sjå Constanze i lydigheitsringen om eit års tid
I dag er kvalpane 7 veker, og tida for levering nærmar seg. Vi har ei tispe ledig, som endå ikkje er seld.
Vekta på kvalpane er i dag:
Hannen:7 760
Tispe1: 8 020
Tispe2: 7 540
Tispe3: 7 180
Stå og hovudbilder kjem på D-kullsida i morgakveld
Litt bilder:
På campingtur!
Hannen
Tispe1
Tispe2
Tispe3