A !
D-kullPosted by Arnfinn Thu, June 11, 2009 14:38:28- Comments(1)http://blog.melkebart.com/#post72
I denne bloggen kan du følge Kennel Melkebart og hunderelaterte aktivitetar til Linn og familien som turar, utstillingar, kvalpar og andre hundeting.
This blog on Kennel Melkebart will mainly be written in Norwegian, but when we have litters occational posts will be in english.
Onsdag var vi ein tur til Molde på besøk hos Hege og kennel Tiviniro. Der var også Tone med sine 3 herlige nuffekvalpar på 5 veker
Etter kvart kom det fleire bernerfolk og vi hadde det kjempekoselig! Tusen takk til Hege som var vertinne og diska opp med nydelig mat og som tok hjertelig i mot både 2 og 4 beinte
Her er nokre bilder av nuffe/bernertreffet:







I dag har kvalpane vore på biltur uten Bella, det gikk kjempefint
Vi stoppa også og tissa litt i hagen til foreldra mine.
Her er nokre bilder til av gjengen:
Det er ikkje så lett for Anna å bere dei lengre, men det går bra!
Tispe3 (over)
Tispe2 (over)
Linn får suss 

Marie og tispe1
Litt tissing..
Akila med gjengen (over)
Akila og Tispe2
Ståbilder og hovudbilder finn de på D-kull sida
Det er fortsatt strålande vær i Volda! Kvalpane får vere mykje ute, både i hagen og på altanen. Sølvi og Marie kom ein tur, så det har vore kvalpekos og bildetaking i heile ettermiddag/kveld. Fleire bilder kjem i morga, både i bloggen og på D-kull sida
Frå venstre ser vi Tispe3, hannen, Tispe2 og Tispe1


Ja no er det liv! Her er det full rulle, men dei går heldigvis ikkje på duracellbatteri
Når dei er vakne og får vere utanfor kvalpegrinda er det full fart ei lita stund. Så tisser dei en skvett og sloknar ein etter ein.
Laurdag var kvalpane på sin første biltur som gjekk til Sæbø. På dei første bilturane får dei ligge saman med Bella, slik at dei har tryggheit. Kvalpane peip litt første minuttet, men så sov dei resten av vegen. Søndag var vi ein tur til Vartdal og då var det ikkje ein lyd frå kvalpane. På veg heim stoppa vi og hadde ei lita tissepause i hagen til Sølvi.
I dag har vi hatt besøk av Sølvi, Sverre og Marie. Kjempekoselig!
Eg og Sølvi har tatt ståbilder av kvalpane i dag, og det er ei tolmodsprøve. Ikkje lett å stå i ro når ein er 5 veker og lopper i blodet
Men vi fikk brukbare ståbilder og dei kjem snart ut på d-kull sida. Tusen takk Sølvi for hjelpa, håper du kan kome fleire gongar å hjelpe meg
Her er eit par bilder frå den første bilturen:


I dag har kvalpane vore lenge ute av kvalpekassa og det tek på! Mykje skal utforskast og bitast på
No har dei tatt ein pust i bakken og tatt tidleg kveld.
Tispe2 og tispe1 (over og under)
Tispe3 (over)
Hannen (over og under) Typisk kvalp

Her kjem nokre bilder tatt i dag. Nydelig vêr ute
Bella med sine herlige små


Mor og son
Hannen i farta!
Tispe1
Då er vi halvvegs til 8 veker. Kvalpane har fått smake på hundemat og det smakte, men puppen er nok best ei stund til
Alt går bra og kvalpane har fått utforske altanen i nokre minutt både i går og i dag. Det går fortsatt mykje i soving og eting, men når dei først er vakne er det mykje liv i kassa
Vi har også utvida kvalpekassa, tatt vekk eine veggen, og utvida med kvalpegrinder. No ser dei omverda og får større plass og boltre seg på. Kvar dag er dei også ute av kassa og utforskar stue og kjøkken.
Litt bilder:

Randi med tispe2 og Anna med tispe3

Over: Hannen
Over: Tispe1
Over: Tispe2 og tispe3
Over: Tispe2
Over: Tispe3
Kvar har denne veka blitt av? Tida går utrulig fort, tenk kvalpane er 3 veker gamle. Kvalpane prøvar seg på leiking og av og til kjem det eit VOFF frå kvalpekassa. Då er det nesten som dei kvepp til, og ser ut til å tenke "kva er det eg får til?" Når vi sett oss ned i kvalpekassa så kjem dei logrande til oss og vil ha kos.
Snart skal vi utvide kassa, slik dei får litt meir tumleplass og får sjå seg litt rundt.
Fredag såg eg eine bilen etter den andre køyre ombord på ferja frå Volda, målet var NKK Bergen. Gjett om eg hadde lyst! Bergen er den nærmaste NKK utstillinga for meg, berre 6 timar køyring.. Gratulerer til dei som stillte og fikk fine resultat, til dei som ikkje er så nøgde, bedre lykke neste gong!
Neste år blir eg også med på turen!!
I dag hadde vi besøk av Lea, så i dag vart det bilder av 3 kjekke jenter med 4 herlige kvalpar
Frå venstre ser vi tispe2, tispe1, hannen og tispe 3. 







Ja, så er kvalpane 2 veker gamle. Dei herlige nurka mine har fått auge og er faktisk ganske så flinke til å gå! Bella har masse melk til firkløveret, så dei veks godt
Hannen veg i dag 2130g, tispe1 veg 2070g, tispe2 veg 1940g og tispe3 veg 1860g .
Utviklinga framover no er voldsom. Eg gleder meg til det blir litt meir liv i kassa, no er det for det meste eting og soving.
Anna er opptatt av at vi må ta bilder av ho når ho kosar med kvalpane, så det vert eit bilde i bloggen av ho denne gongen også. Kanskje lettare å sjå kor kvalpane veks når Anna er med på bildet?




Hei igjen 
Tok nokre bilder igjen i dag. Har tjuvlånt kameraet til Siri, som låg igjen etter eit besøk her i går
Så kjekt å ta bilder med eit bra kamera.
Anna er veldig glad i kvalpane og kosar mykje med dei. Det er så herlig å sjå kor forsiktig ho er med dei. Ho er ein skikkelig dyrevenn



Krapyla :) har no blitt ei veke og ein dag gamle, og veks og trivst. Bella har bra med mat til dei og kvalpane er gode og runde. Fredelig gjeng enn så lenge..
Idag har Siri, søstra mi vore her og tatt bilder av kvalpane for meg.





Neida, Bella takler jobben sin bra, og kvalpane veks og trivst. Akkurat no ligg ho og snorkar i kvalpekassa i stua, medan kvalpane søv i ein haug ved matfatet sitt, magen til Bella. Kvalpane har eit enkelt liv, berre eting og soving, og dei får godt stell av Bella.
Ute er det sol og fint i dag så Bella har vore ute og rusla litt i hagen og hilst på dei andre hundane våre. Akila er temmelig frustrert for tida og er nok temmelig kvalpesjuk. Ho har prata til oss i over ei veke no og syt og klagar over at ho ikkje får sleppe til i kvalpekassa. Hadde ho fått lov, ville ho nok ha tatt over heile kullet..
Heldigvis har vi plass nok så Bella ikkje blir plaga av Akila.
Bella and the puppies is doing just fine. The puppies are eating ok and is gaining weight. It is a simple life, just eating and sleeping and being cared for in every way.
Outside it is a very nice day so Bella has been for a walk in our yard with our other dogs. Akila is a bit frustrated and wants to take over the puppies. We are fortunate to have enough space so that she doesn't get to bother Bella and the puppies.
Seint søndag kveld pesa Bella slik at Linn kontakta jordmor Sølvi og dei våka over Bella om natta. Mandag morgon kom den første kvalpen. Ein stor og flott hanne. Hege vart heldt løpande orientert og kom klokka 10. utover dagen kom det fleire kvalpar, og i firetida var det heile over. Bella tok det heile nokså rolig og gjorde det ho skulle uten hyl og skrik.
0800 Hann 710g
0830 tispe 630g
1010 dødfødt hanne
1235 tispe 620g
1340 tispe på 540g
1530 dødfødt tispe
1630 virker som fødselen er over, Bella vart bada.
Alt er vel med mor og barn, og fødselen gjekk bra untatt for dei to som var døde. Virker som Bella tek si nye rolle lett, og er flink og steller med kvalpane sine.

Jordmor Hege, Jordmor Sølvi, og Jordmor Linn assisterer ved fødselen.
Her ser vi Jordmor Hege med tispa fødd 1340.
1500: Arnfinn laga Spaghetti bolognese til jordmødrene 


The first puppy came at 0800 Monday morning.
Six puppies was born, one male and three females alive, and two did unfortunately not make it..
Tida går fort, det er berre ei veke igjen til termindato. Både gruar og gleder meg til fødselen. Heldigvis skal eg ikkje vere åleine, men ha godt selskap 
I dag har vi sett opp kvalpekassa til Bella. Det såg ut som ho trivdes i den Kvalpekassa kjem til å stå på stua no dei første vekene, så må spisebordet på kjøkkenet etterkvart vike når kvalpane treng meir plass.
Denne veka har magemålet til Bella auka ca 5 cm, så frå veke 4 til veke 8 har ho no totalt auka ca 25 cm.

Today we got the box for Bella and the puppies set up in our living room. The first weeks she will live there, and later they will move into our kitchen. Bella's waist has grown 25cm (10 inches) in the last 4 weeks 
-Linn